Fastlege
Høyanger kommune Legetenesta
Storgata, 6993 Høyanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. juni
Ønskjer du å vere med og vidareutvikle Høyanger legetenete?
Vi har ledig 70% stilling som fastlege ved Høyanger legeteneste. Det er mulegheit for deltaking i interkommunal legevakt for auke i stilling.
Legetenesta i Høyanger er eit veletablert legekontor med eit godt arbeidsmiljø. Vi rettleiar og støttar kvarandre i ein travel arbeidsdag. Kontoret har fem fastlegar, ein LIS1- lege, kommuneoverlege, sjukepleiarar og helsesekretær. I tillegg er det ein lege i 40% stilling som har tilsynslegefunksjon ved ein av institusjonane og er helsestasjonslege i Høyanger.
Dei 5 fastlegane jobbar turnus i 2 ulike rotasjonsordningar.
Kontoret har eit velutstyrt laboratorium med stor analysepark, 24- bt, spirometri, EKG, audiometri og tonometri. Legetenesta har kontordagar på utekontor i Lavik og på Sørsida med lege og sjukepleiar. Ein legg vekt på kvalitetssikring og fagleg utvikling, og har regelmessige møter med faglegediskusjonar. Vi tilbyr ein allsidig praksis med faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Legetenesta deltek i interkommunal legevakt, SYSIKL som ligg i lokaler knytt til Helse Førde.
Arbeidsoppgåver:
- Allmennlegeoppgåver som fastlege med listeansvar for ca 700 pasientar. Det kan vere aktuelt med andre allmennlegeoppgaver inntil 7,5 timar per veke
- Drift av legetenesta i lag med dei andre legane, herunder utekontor.
- Deltaking i det interkommunale legevaktsamarbeidet. Legevakt kjem i tillegg til 70% stilling
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin
- Gode kommunikasjonsevner i eitt av dei skandinaviske språka, både skriftleg og munnleg.
- Allmennmedisinsk praksis og erfaring fra fastlegepraksis er ein fordel.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Stor grad av fleksibilitet, ansvarsbevisst og engasjement
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Evne til å jobbe strukturert og målretta, både sjølvstendig og i fellesskap
- Sterk interesse for samhandling og organisering av fastlegepraksis i tråd med lov, forskrift, avtaleverk, fagleg utvikling og andre krav til tenesta.
Personleg eigenskaper vert vektlagt
Anna:
- Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden.
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest
Vi kan tilby:
- Valfri tilknytning kan drøftast: driftslønsavtale eller kommunal tilsetting
- For kommunal tilsetting konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.
- Lokale, hjelpepersonell, inventar og utstyr m.m. Leiga for individuell
fastlegeavtale er f.t. lik basisgodtgjersla. - Rettleiing og supervisjon
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
- Faste møter i kollegiet
- Svært godt arbeidsmiljø med gode kollegar
- Nye tidsmessige kontorlokale og moderne IKT utstyr.
- Kommunal bustad
Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Lurer du på korleis det er å arbeide som lege ved legetenesta eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Kontakt kommuneoverlege Mie Bastholm på telefon 992 19 381 og høyr hennar erfaringar.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Mie Bastholm
kommuneoverlege
+47 99219381
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
65f73489-f859-4456-8172-29c549c4e8de
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3637503_178613_nn