Utdanningsstillingar
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
Stillingstittel
Gulen kommune. Utdanningsstillingar 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Vil du bli barnehagelærar, sjukepleiar eller vernepleiar, og ynskjer å sikre deg ein 100% fast stilling etter fullført studie?
Sjekk ut annonsen til Gulen kommune og søk då vel!
Informasjon om stillingane
Gulen kommune har ledige utdanningsstillingar til personar som vil studere til barnehagelærar, sjukepleiar eller vernepleiar, med oppstart etter avtale. Stillingane er knytt til heile kommunen, og ein vil verte knytt til aktuell eining i dialog med søkjar. Tilbodet gjeld både deg som allereie har starta utdanning, samt deg som vurderer oppstart i 2024. Vi vil lage ein god plan saman med studentane som får tilbodet, kor vi avtalar oppstart, studieløp, vilkår og plan vidare.
Den som vert tilsett i utdanningsstillinga er å rekne som ordinært tilsett, og utfører ordinære arbeidsoppgåver ut i frå kompetanse og erfaring. Vi avtaler tilpassing av stillinga til studieløpet.
Gulen kommune ynskjer å bruke utdanningsstipend som eit ledd i vår arbeidsgjevarstrategi. Føremålet med stipendordninga er å rekruttere og behalde den til ei kvar tid nødvendige fagkompetansen i organisasjonen, og dekke kompetansebehovet i alle einingane våre. Ved tilsetjing i utdanningsstilling vert ein fast tilsett med atterhald om godkjent fullført bachelor innan dei ovannemnde utdanningane etter avtalt studieløp, samt bindingstid i kommunen på to år etter fullført utdanningsløp. For sjukepleiarar og vernepleiarar er det i tillegg krav om godkjent autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
Litt om barnehagane i Gulen kommune
Gulen kommune har fire skulekrinsar, med barnehage i alle krinsane. Vi har stor sett nye barnehagebygg, og barnehagane har for tida to avdelingar.
Barnehagane i Gulen kommune har:- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar.
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for student og nyutdanna pedagogar.
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen.
Arbeidsoppgåver som barnehagelærar
- Bistå pedagogisk leiar ved planlegging, iverksetjing, dokumentering, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Bidra til å leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta
Litt om helse og omsorg i Gulen kommune
Gulen kommune har ein sjukeheim i Eivindvik, samt bu- og omsorgssenter i Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik. Vi har miljøteneste som tilbyr tenester til menneske med psykisk utviklingshemming, med base på Dalsøyra.
Helse- og omsorgstenestene i Gulen har:- Fokus på fagleg utvikling, jf. kompetanseutviklingsplanen i kommunen og tiltak på den enkelte arbeidsstad. Vi tar imot studentar i praksis, og har lærlingar innan helsefagarbeidarfaget.
- Relativt små einingar, som gjer at det er lettare å få oversikt og vere ein viktig bidragsytar som nyutdanna helsepersonell.
- Fokus på arbeidsmiljø og trivsel
- Vi har dedikert helsepersonell, med fokus på god kvalitet i tenestene til brukarane.
Arbeidsoppgår som sjukepleiar/vernepleiar
- Sjukepleiefagleg/vernepleiarfagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta/brukarretta oppgåver, som til dømes pleie/bistand og oppfølging av brukarane og elles dagleg drift
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Dokumentasjon til opptak i samlingsbasert utdanning
- Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
- For nokre av utdanningane er det stilt krav om førarkort – ta kontakt ved spørsmål knytt til dette
Personlege eigenskapar som vert vektlagt
- Kommuniserer og samhandlar godt med borna/brukarane, føresette/pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har evne til å sjå kvart born/kvar enkelt brukar, og skape gode og trygge relasjonar i kvardagen
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Årleg stipend på kr. 75.000,- pr. studieår
- Studenten får permisjon for praksis og samlingar, ev. tilrettelegging av turnus/arbeidstid der det er mogleg
- Studenten vert løna etter tariff. Når studenten kan dokumentere bestått 120 studiepoeng, vert studenten løna som ferdigutdanna
- Det vert anbefalt at studenten både jobbar og studerer på deltid, slik at samla arbeidsbelastning ikkje vert for stor
- Fast 100% stilling etter fullført utdanning (autoriasjon)
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted