Ledige stillingar som barnehagelærar i Stad kommune - indre
Stad kommune
Fossevegen 2, 6770 Nordfjordeid, Haugen, 6773 Nordfjordeid, Myroldrinden 2, 6777 Stårheim, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige stillingar som barnehagelærar i Stad kommune - indre
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. februar
Stad kommune har ledige stillingar som barnehagelærar barnehagane i indre del av kommunen frå 01.08.2025. Vi har ledige både faste stillingar og vikariat, i heiltid og deltid.
- Golvsengane barnehage ligg i Nordfjordeid sentrum, 8 avdelingar med plass til 136 barn og 35 tilsette.
- Gjerdane barnehage ligg i Nordfjordeid sentrum, 5 avdelingar med plass til 54 barn og 22 tilsette.
- Stårheim barnehage ligg på Stårheim, 2 avdelingar med plass til 36 barn og 7 tilsette
- Haugen barnehage er samlokalisert med Haugen skule, ligg på Haugen, med plass til 18 barn og 4 tilsette.
Stad kommune har til saman 7 kommunale barnehagar. Dei er av ulik storleik og ligg geografisk spreidde i kommunen.
Vi har også ledige stillingar i Selje barnehage, Leikvang barnehage og Flatraket barnehage.
Du finn meir informasjon som stillingane i ytre del av Stad kommune her.
I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Det vert forventa at alle som jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne samhandlingsmodellen. Du kan lese meir om den her.
Meir informasjon om barnehagane finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
- Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidpartnarar
- Samarbeide med øvrige tilsette
- Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Ønskjeleg med kompetanse i teiknspråk
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du har god relasjonskompetanse
- Du har evne til å utvikle og tilpasse deg i møte med barn, ut i frå barna sine føresetnadar
- Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
- Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
- Du har evne til å handtere ei stor barnegruppe
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns- og arbeidsvilkår etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar. Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her.
Dei som vert tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato.
Stad kommune har prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon ta kontakt med den enkelte styrar.
Kontaktinformasjon
Øyvind Dypveit, styrar Golvsengane barnehage, 90 66 19 03, oyvind.dypveit@stad.kommune.noTove Hanebrekke Starheimsvik, styrar Gjerdane barnehage, 95 86 40 13, tove.hanebrekke.starheimsvik@stad.kommune.no
Linda Balsnes, styrar Stårheim barnehage, 416 46 315, linda.balsnes@stad.kommune.no
Vivian Frøynes Melheim, rektor Haugen skule- og barnehage, 91 73 86 36, vivian.melheim@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Myroldrinden 26777 Stad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4908326591
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Tove Hanebrekke Starheimsvik
styrar Gjerdane barnehage
95 86 40 13
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2846207
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8963c9ea2fbb4954933fd51b15934e29