Hopp til innhold

Helsefagarbeidar 

Arbeidsgiver

Ytre Haram dagsenter

Sted

Storgata 18, 6270 Brattvåg

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar Ytre Haram dagsenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 27. september

Ønskjer du å vere med og skape meiningsfulle dagar for eldre og personar med hjelpebehov? Vi søkjer ein engasjert og positiv helsefagarbeidar til vårt dagsenter for eldre. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til dagsenterdrift på kvardagar, med arbeidshelg i heimetenesta. Dagsenteret er eit viktig tilbod som skal bidra til aktivitet, meistring, sosial deltaking og gode opplevingar for brukarane våre. Vi ser etter deg som trivst med å skape aktivitet, byggje relasjonar og bidra til eit inkluderande miljø.

Stillinga inngår i turnusordning og omfattar for tida arbeid på dag og kveld, og arbeid kvar 3. helg.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. 

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som helsefagarbeidar.
  • Planleggje, organisere og gjennomføre aktivitetar ved dagsenteret.
  • Motivere til meistring, sosial deltaking og fysisk aktivitet.
  • Bidra til gode opplevingar og ein trygg kvardag for brukarane.
  • Samarbeide med pårørande og andre relevante samarbeidspartar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikt og bidra til fagutvikling.
  • Rettleie og støtte elevar, lærlingar og studentar.
  • Utføre pleie- og omsorgsoppgåver i heimetenesta på arbeidshelger.
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent helsefagarbeidar.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, med norskkompetanse på B2-nivå. Det blir lagt vekt på gode kommunikasjonsevner og evne til å kommunisere tydeleg med brukarar, pårørande og kollegaer.
  • Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Du er kreativ, initiativrik og glad i å skape aktivitet saman med andre.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du er engasjert og oppteken av fagleg utvikling.
  • Du arbeider sjølvstendig og strukturert.
  • Du er løysingsorientert og fleksibel.
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Du er oppteken av å sjå den enkelte brukar sine ressursar og moglegheiter.
  • Du har evne til å byggje gode relasjonar til brukarar, pårørande og kollegaer.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og variert stilling med kombinasjon av dagsenter og heimeteneste.
  • Moglegheit til å vere med og vidareutvikle eit viktig aktivitetstilbod.
  • Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Fokus på kvalitet, velferdsteknologi og framtidsretta tenester.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Løn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Grete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Storgata 18
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5177082879
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ingrid Beate Mathisen

Tenesteleiar

90751954

ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Grete Grytten

Avdelingsleiar

48295440

grete.grytten@haram.kommune.no

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

659bdc98-207e-4b04-8a3a-575925bd4356

Sist endret

14. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ff064270c6334714abd681dc0c335c09

Lignende annonser

Laster lignende annonser