Helgestillingar på Bø sjukeheim
Bø Sjukeheim, avd. Jønneberg/Vihus
Gamleveg 43, 3800 Bø i Telemark
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 45%
Arbeidstid
Turnus, dagtid kveld, søndag og lørdag
Antall stillinger
2
Me har ledige helgestillinger på Bø sjukeheim, både på langatidsavdeling og på korttidsavdeling. Stillingene er både langvakter annankvar helg og langvakter hver fjerde helg. Stillingane er laurdag og sundag, nokon gonger fredag kveld, og kan derfor kombinerast med studiar for dei som har kapasitet for jobb kombinert med studiar.
Me søker deg som er sjølvstendig, strukturert og ansvarsfull, og har lyst til å bidra med alle dine eigenskapar til det beste for våre pasientar og kollegaer.
Her hos oss på Bø sjukeheim, avdeling Jønneberg/Vihus, har me fire langtidsavdelingar med sju bebuerar på kvar avdeling. I tillegg har me ein korttidsavdeling med sju plassar. Me er mellom 60-70 faste tilsette, mange jobbar i høg stillingsprosent og dei fleste jobbar langvakter kvar 4.helg.
På helgene er dei to tilsette på kvar avdeling, i tillegg er det tilsette som jobbar på tvers av avdelingar og hjelper til. Det er også to sjukepleiarar kvar helg. Når man jobbar langvakter er det lagt opp til to pausar à tre kvarter.
Me har to fagleierar som jobbar blant annet med fagutvikling i avdeling, og som ein av våre faste tilsette vil du bli sertifisert i prosedyrar, medisinsk teknisk utstyr og HHLR Hjarte-lunge-redning.
Fagleierane er også stedfortredar når avdelingsleiar ikkje er tilstade.
ArbeidsoppgåverStell og pleie av pasientar
Dokumentasjon i pasientens journal. I Midt-Telemark bruker vi Profil som dokumentasjonssytem
Legge til rette for godt samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
Opptrening av pasienter som er på rehabiliteringsopphald.
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonarSjukepleiarstudent eller helsefagarbeidar med autorisasjon.
Andre med helsefagleg bakgrunn eller anna relevant erfaring kan også bli vurdert for stillinga.
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
God kjennskap til bruk av data som verktøy, eller vilje til å lære om du ikkje har erfaringa
Personlege egenskaparOpptatt av fagleg kvalitet
Sjølvstendig og ansvarsfull
Gode kommunikasjon- og samarbeidsevnar
Strukturert, løysningsorientert og positiv
Personleg egnethet vil tilleggas stor vek
Evne til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrGode kollegaer og eit støttande og utviklande fagmiljø
Sertifisering og aktuelle kurs
Løn og arbeidsvilkår etter gjelande lov og avtaleverk
Særskilt for stillingaKrav om politiattest, jf Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4, skal framvisast før oppstart i stilling.
E-læringskurset for nytilsette skal takast før oppstart i stilling.
AnnaAktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
Søknaden sendastSøknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Om bedriften
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2228869
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
658829d7-9e86-49a6-a86a-9528b8d10b1e