Lærling Stord sjukehus: Ernæringskokk 2023-2025
Helse-Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
LÆRLING SOM ERNÆRINGSKOKK 2023-2025 Stord Sjukehus
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du jobba i et yrke som er viktig, utfordrande og travelt, men som likevel kan gå saman med et vanleg familieliv? DÅ ER DU DEN VI SØKJER ETTER!
- Ernæringskokken arbeidar oftast på dagtid, eller turnus og helgearbeid med arbeid maksimum kvar 3. helg, og ofte fri på raude dagar.
- Ernæringskokken får væra med å påvirka at menneske får ernæringsrett og sunn mat, som gjer raskare heling og førebygging av sjukdom.
- Det daglege arbeidet, inneheld alltid utfordringar, korleis ein kan gjera måltida til ein fest og oppleving for alle typer menneske, -sjuke som friske!
Arbeidsstaden vil være ved Matforsyningsavdelinga ved Stord sjukehus.
Stord Matforsyning, har ca.16 tilsette og i resten av matforsyning, ca.50 tilsette. Vi tek hand om alt arbeidet med mat på sjukehuset, frå produksjon til servering og oppvask.
På Stord er det ca 12 tilsette med fagbrev, slik at det er god anledning til å få ein fagleg, allsidig og grundig opplæring hos oss.
Det kan og bli aktuelt med praksisperiodar ved Matforsyningseininga ved nokon av dei andre sjukehusa i føretaket.
Er du interessert, er det mogleg å kontakta oss for spørsmål, eller å avtala prøvejobbing nokre dagar.
Oppstart juni 2022, etter nærmare avtale.
Vi oppfordrar spesielt deg som er under 21 år til søkja.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Bestått eksamen frå Vg1 Restaurant- og matfag samt Vg2 kokk- og servitørfag.
- At du er personleg skikka for yrket (referansar blir etterspurd).
- Har utvist god orden og adferd på skule og evt. hos tidlegare arbeidsgjeverar.
- Dokumentert erfaring frå relevant praksis er ein stor fordel. Td. sommarjobbar, kortare oppdrag, UB. ol.
Utdanningsretning
- Kjøkken-/kantinefag
- Ernæring
- Hotell- og restaurantfag
Utdanningsnivå
Personlege eigenskapar
- Interesse og motivasjon for matfaget. Spesielt for ernæring og storproduksjon.
- Interesse for å jobbe allsidig innan faget frå planlegging, via produksjon og servering til oppvask og skrubb.
- Utprega serviceinnstilling
- Kunna ta ansvar for eiga læring
- God samarbeidsevne ift. kolleger, pasientar og kunder
- Interesse for bruk av elektroniske hjelpemiddel og system.
Må kunne bruke PC med diverse systemer som arbeidsverktøy. Spesielt office oa. vanlege system, i tillegg til spesialsystem som det vert gitt opplæring i. - Det krevs gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunna dokumentera bestått eksamen frå skriftleg og munnleg norskopplæring på videregående skole nivå.
Språk
Vi tilbyr
- Ein læreplass, ved Stord sjukehus.
- 2-årig lærekontrakt, med inngåande, god og allsidig praksisutdanning til fagbrev som ernæringskokk.
- Mange dyktige kokkekollegaer som deltar i opplæringa.
- Fagleg breidde i opplæringa, med praksisperiodar hos samarbeidande produsentar innan: konditori-, kjøtt- og fiskeforedling
- Fagleg oppfølging med bl.a. fagkurs og elektronisk opplæringsbok frå Opplæringskontoret for matfag i Rogaland.
- Eit triveleg og positivt læringsmiljø.
- Trygg og god tilsetting på ein stabil arbeidsplass.
- Ryddige og gode arbeids- og personalordningar.
- Gode moglegheiter for ein sikker og interessant jobb innan helse- og sosialsektoren, ved sjukehus, sjukeheimar, skulevesenet, barnehagar, fengselsvesenet, forsvaret, på boligplattformer eller i kantiner mv.
- Eit fagbrev som gir god moglegheit til å arbeida med ei familievennleg arbeidstid i framtida.
- Gode moglegheiter for fast tilsetting og/eller vikarjobb i Helse Fonna, etter bestått fagprøve.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ann-Britt Sikveland, Funksjonsleder Matforsyning Stord, 53 49 11 91, Ann-Britt.Aarnes.Sikveland@helse-fonna.noOlav Vikre, Avdelingsleder Matforsyning, Helse Fonna HF, (+47) 99 41 70 76, olav.vikre@helse-fonna.no
Mari Kirsti Grøsvik Langeland, Kokk, Lærlingansvarleg, 476 17 009
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4624504300
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 18.06.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2279906
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9f3bfab28e454a6287d4aa4fdf7d12d7