Helsefagarbeidar
Allmennpsykiatrisk post Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Floravegen 75, 5535 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Vil du bli vår nye kollega ved Almennpsykiatrisk sengepost på Haugaland DPS?
Er du utdanna helsefagarbeidar og ynskjer ein givande jobb med varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver? Vi har no ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus.
Hos oss har vi 10 sengeplassar, eit sterkt fagleg team med overlege i psykiatri, psykologspesialist og legar under utdanning. I tillegg får du jobbe saman med høgskuleutdanna og erfarne helsefagarbeidarar med vidareutdanning. Miljøterapeutisk arbeid er ein sentral del av døgnbehandlinga, og vi tilbyr blant anna psykoedukasjon til pasientar i grupper, turgrupper og fleire andre fellesaktivitetar.
Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus, og dekkjer kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal.
Vi ser fram til å motta din søknad.Kva går jobben ut på?
- Stillinga er knytta til allmennpsykiatrisk sengepost.
- Vi arbeidar etter primærsjukepleieprinsippet, der du får ansvar for oppfølging av fleire pasientar og deira pårørande.
- Miljøterapeutiske oppgåver.
- Aktiv deltaking i tverrfagleg samarbeid.
- Nært samarbeid med aktuelle, eksterne instansar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Relevant vidareutdanning er ynskjelig. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom samarbeid og positiv haldning
- fungerer godt i eit, til tider, aktivt og travelt miljø
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- kan vise omsorg og forståing for pasientane sine behov, er imøtekommande og viser respekt
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Du blir omfatta av gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP. Det betyr blant anna tenestepensjon med 2 % eigenandel, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og forsikring ved tenestereiser.
- Helse Fonna er ei IA-bedrift, og vi jobbar aktivt for å vere ein inkluderande og trygg arbeidsplass for alle.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Kontaktinformasjon
Carl Enoksen, Funksjonsleiar, 91716795, carl.enoksen@helse-fonna.noArbeidsstad
Floravegen 755535 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4974869050
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted