Bioingeniør, rutinegående i vakt
Medisinsk biokjemi Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør, rutinegående i vakt
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei fire sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har 16 stillingar og om lag 19 tilsette. Seksjonen omfattar fagområda hematologi/koagulasjon, kjemi, preanalyse/PNA og blodbank.
Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har no ledig eit 80 % vikariat som bioingeniør i grunnstilling for perioden juni 2025 til august 2026.Stillinga inngår i seksjonen sin turnus, og det må påreknast kvelds-, natt- og helgearbeid. Vi oppmodar særleg nyutdanna bioingeniørar om å søkje, då Volda sjukehus gir gode moglegheiter til å byggje brei fagleg erfaring innan medisinsk biokjemi og blodbank. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente og erfarne kollegaer.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til din CV.Arbeidsoppgåver
- Opplæring og arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og klinisk kjemi/immunkjemi.
- Etter endt opplæring vil du inngå i eit vaktlag i tredelt turnus, med arbeid kvar tredje helg og arbeidstid på 35,5 timar per veke.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Gode datakunnskapar
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Fleksibel og omstillingsdyktig
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtalar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Ein inkluderande og triveleg arbeidsplass
Kontaktinformasjon
Joar Ulstein, Seksjonsleiar, 70058292, Joar.Ulstein@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4952285562
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
656a0628-db10-48ad-bd21-dc524015b17b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7985c12b5ca4400e84ed9f2809ed3bb2