Rekrutteringssak - Helgevakt stilling Rus og psykiske helsetenester
Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Stillingstittel
Helgevakt stilling ved Rus- og psykiske helsetenester Oppfølgingstenesten (S15)
Type ansettelse
Fast, deltid 24%
Antall stillinger
1
Rus- og psykiskehelsetenester søkjer etter fast helgevakt, 24,5% stilling ved Oppfølgingstenesten i kombinasjon med 2 faste vakter ved Utsikten bufelleskap på Valen. Arbeidstida er fast turnus kvar 4. helg, 12,5 timars langvakter.
Som tilsett ved Rus- og psykiskehelsetenester skal ein arbeida ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneber å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.
Tilsetting frå midten av februar 2023
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis helsefagarbeidar, men det er ikkje krav til stillinga.
- Erfaring frå psykiatri og/eller rusomsorg vil vere eit føremon.
- Førarkort klasse B.
Personelge eigenskapar
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Gode evner i relasjonsbygging.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Du må vere innovativ og ha endringsvilje.
- Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg.
Ved tilsetjing vert det lagt stor vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.
Menn vert oppmoda til å søkja stillinga.
Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å sendaKvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2210249
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3087477_225957_nn