Helsesekretær/sekretær
Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. mai
Er du ein strukturert, serviceinnstilt og engasjert person som trivst med varierte kontoroppgåver og pasientkontakt? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi har ledig fast stilling som helsesekretær/sekretær ved Radiologisk avdeling i Ålesund.
Avdelinga er felles for Ålesund og Volda sjukehus og har ansvaret for det radiologiske tilbodet til pasientar på heile Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt spekter av undersøkingar innan konvensjonell røntgen, ultralyd og doppler, CT, MR, angiografi, beintetthetsmåling og nukleærmedisin med både PET og SPECT. Radiologi er eit framtidsretta fagfelt i rask utvikling, og våre tilsette arbeider dagleg med avansert teknologi i ei travel, men spanande kvardag.
Radiologiske undersøkingar er ein viktig del av pasientforløpet, både for innlagde og polikliniske pasientar. Vi har tett samarbeid med dei fleste kliniske avdelingane i sjukehuset og speler ei sentral rolle i pasientbehandlinga. Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kolleger og i møte med pasientar. Du må vere lærevilleg og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.
Helse Møre og Romsdal HF ynskjer at medarbeiderane våre skal speile mangfoldet i befolkninga, og vi oppfordrar kvalifiserte til å søke hos oss uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjeld dersom du har hatt eit opphold i arbeidslivet.
Intervju blir gjort fortløpande, og oppstart i stillinga er ønska snarast. I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du lastar opp vitnemål og tenestebevis/attestar som vedlegg. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som kjem fram i CV, og til å fastsette lønn.
Arbeidsoppgåver
- Betene telefon og vere ein viktig kontaktperson for pasientar og samarbeidspartnarar
- Registrere pasientar ved ankomst
- Kassaregistrering
- Administrere ventelister og setje opp timeavtalar
- Utføre ulike kontoroppgåver etter behov
- Kveldsvakter må påreknast
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær er ønska, men ikkje krav
- Relevant praksis
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er nøyaktig, strukturert og ansvarsbevisst
- Du har godt humør og er serviceorientert
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du er lærevillig, fleksibel og tek initiativ
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om Ålesund
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Ikkje kjent i området? Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! Med Ålesund som utgangspunkt har du kort veg, både til høge fjell og til sjø, samt nærleik til flyplass (ca 25 min fra sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland. Ålesund og Sunnmøre - der fjell møter fjord.
Kontaktinformasjon
Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4947133899
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2921726
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2ca3ede28b1944ef9e9142f57ea8121f