Ledig stilling
Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100 % vernepleiarstilling Bu og miljøtenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna. Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri. Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Og viss eit årsvikariat i bu- og miljøtenesta er aktuelt, har du all grunn til å lesa vidare.
Link til søknadsskjema: Søk her
Me har ledig 100 % vernepleiarstilling. Andre med relevant høgskuleutdanning kan søkje. Stillinga har turnus med for tida arbeid kvar 4. helg. Bu og miljøtenesta har årsturnus som mellom anna inneheld langvakter.
Bu og miljøtenesta består i dag av desse einingane:- Psykiatribustad
- Tenester for personar med nedsett funksjonsevne
- Psykisk helse og rus
- Dagtilbod
- Koordinator for funksjonhemma
- Målretta miljøarbeid
- Praktisk bistand
- Delta på ulike aktivitetar
- Ansvar for medisinhandtering og oppfølging
- God til å samarbeide og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
- Ansvarsbevisst og lojal
- Fleksibel
- Vere ein god rollemodell
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
- Løn etter tariff
- Pensjonsinnbetaling KLP 2 %
- Betalte matpausar
- Rekurtteringstilskot på 60.000 kr med to års bindingstid
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
64d5bc2d-c0e8-4191-980e-6bea5002fe6f
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3518699_228181_nn