Ynskjer du å bidra til at born, unge og familiar opplev betre psykisk helse og livskvalitet?
Psykisk helse og rus, Nav og Barne- og familietenesta
Bøtun 3, 5430 Bremnes, Idrettsvegen 87, 5430 Bremnes, Kulturhusvegen 19, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Familiekoordinatorar
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Brenn du for at utsette familiar skal få koordinerte tenester og hjelp til stabil inntekt? Drøymer du om at alle born veks opp i trygge miljø og deltar i fritidsaktivitetar og sosiale samanhengar med andre jamngamle? Då er du den familiekoordinatoren me ser etter, som kan vere ein fast kontaktperson over tid, både for familien og samarbeidande tenester.
Bømlo kommune ved NAV, Psykisk helse og rus og Barne- og familitenesta søkjer no etter tre prosjektstillingar som familiekoordinatorar etter modellen "Nye Mønster". Stillingane er finansiert av prosjektmidlar, og er for ein periode på 12 månader. Tilskotet blir gjeve for eit år om gongen i inntil fire år. Saman med familien skal koordinatoren utvikla familien sin plan som skal koordinera og samla innsatsen til heile familien, både tenester frå det offentlege og frå frivillig sektor.
Det vert tilsett ein koordinator i kvar verksemd på kommunale tilsettingsvilkår. Koordinatorane skal jobba sjølvstendig, men ein må og kunne samarbeida som team. Familiekoordinator skal kvar gje tett oppfølging av rundt 10 barnefamiliar med låg inntekt og ulike utfordringar eller risiko for utfordringar, slik som psykisk uhelse, skulevegring, rusproblematikk eller manglande arbeid/aktivitet.
Familiekoordinator skal jobba med målsetting om å unngå utanforskap for alle medlemmane i familien.
Arbeidsoppgåver
- Detaljert og systematisk kartlegging av livssituasjon, ressursar og behov.
- Koordinere tenester og hjelpeapparat for inntil 10 familiar med ulike utfordringar.
- Gje økonomisk råd og rettleiing.
- Utarbeide Familien sin Plan og følge opp denne.
- Sikre rett hjelp til rett tid, frå rett instans gjennom mobilisering, prosessleiing og aktivt oppsøkjande arbeid.
- Praktisk, sosialt og økonomisk oppfølging av vaksne, ungdom og born i familiane.
- Sikre stabil og god busituasjon og oppfølging i bustad.
- Dokumentasjons- og evalueringsarbeid.
Endring i oppgåvene i løpet av prosjektperioden kan skje.
Du må ha
- Relevant bachelorgrad eller høgare frå høgskule eller universitet som t.d. sosialfag, barnevernspedagogikk, helsefag, arbeids- og velferdsfag, psykologi eller pedagogikk.
- Særleg lang og relevant erfaring kan gje unntak for utdanningskravet.
- Erfaring med relasjonsarbeid og tett oppfølging av familiar.
- Erfaring med eller god kjennskap til prosjektarbeid.
- Førarkort, klasse B.
- Moglegheit for å arbeide på ettermiddag/kveld.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse- og omsorgstenestelova § 5-4 og Politiregisterlova §39 1. ledd
Det er ynskjeleg med
- Erfaring med koordinering på tvers av tenester og fagområde i komplekse saker.
- Erfaring med bruk av kartleggingsverktøy knytta til livssituasjon, tru på meistring og livskvalitet for vaksne og born.
- Erfaring med eller kjennskap til kommunal og statleg forvaltning, og det offentlege tenestetilbodet.
- Veiledningskompetanse frå utdanning eller arbeidserfaring.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg, i tråd med arbeidsoppgåvene skildra ovanfor.
Som person er du:
- Trygg og robust, med evne til å stå stødig i møte med krevjande situasjonar og relasjonar over tid.
- Relasjonsorientert og empatisk, med eit sterkt engasjement for å støtte familiar i sårbare livssituasjonar.
- Fleksibel og løysingsorientert, og trivst med ein variert arbeidskvardag der du raskt kan tilpasse deg endringar.
- Strukturert og målretta, med god evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar for framdrift i komplekse saker.
- Engasjert og positiv, og bidreg aktivt til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
- Tverrfagleg samarbeidsvillig, med forståing for korleis ulike tenester kan samhandle for å skape heilskaplege og koordinerte løysingar for familiar.
Ved vurdering av dei best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring, personelg eignaheit og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga. I tillegg vil me vurdere korleis me kan laga det beste tverrfaglege teamet med koordinatorar.
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Fleksibel arbeidstid
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i Velferdsklubben
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunne skaffa anna dokumentasjon. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Elisabeth Haugen, Synnøve Sørvik eller Linda Hellen.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Haugen, Verksemdsleiar NAV, 911 25 279, elisabeth.haugen@nav.noLinda Hellen, Verksemdsleiar Barne- og familietenesta, 909 61 702, linda.hellen@bomlo.kommune.no
Synnøve Sørvik, Verksemdsleiar Psykisk helse og rus, 986 62 884, synnove.sorvik@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Bøtun 35430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4966821089
Stillingsprosent: 100%
Mellombels
Søknadsfrist: 01.06.2025
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted