Helsefagarbeidarar
Volda kommune, Heimeteneste
Barstadmarka 4, 6100 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidarstillingar ved Barstadtun
Oppstart
1. desember 2023
Type ansettelse
Fast, deltid 80.%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2
Ved Barstadtun døgnbemanna omsorgsbustadar for eldre blir det ledig to helsefagarbeidarstillingar frå nyttår. Ei fast 70 % stilling og eit 80 % årsvikariat jan - des 2024. Stillingane har todelt turnus, med arbeid på dag, kveld og helg. Barstadtun er ein seksjon i avdeling Heimetenester. Bygget ligg på same tun som Volda Omsorgssenter og har 25 hyblar/leiligheiter fordelt på tre bugrupper. Personalgruppa er stasjonert på Barstadtun og yter helsetenester og praktisk bistand til bebuarane på huset.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeider vil du møte brukarar med ulike behov. Du har ansvar for å observere og dokumentere brukarane sin tilstand og i samarbeid med andre helsepersonell iverksette og følge opp nødvendige tiltak. Pleie og praktiske oppgåver vert utført ut frå tiltaksplan for den enkelte bebuar, det kan vere bistand til personleg pleie, forflytning, tilrettelegging for måltider med meir. I tillegg følger det med praktiske oppgåver i avdelinga som rydding, reingjering og anna. Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og gi bebuarane eit godt innhald i dagen. Kvar enkelt tilsett har ansvar for å medverke til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø. Som helsefagarbeidar har ein også ansvar for å veilede pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar. Dokumentasjon i pasientjournal er også ein viktig del av jobben.Kvalifikasjonar
Erfaring fra tilsvarende arbeid vert vektlagt
Må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.
Må ha alminnelege datakunnskaper
Må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest
Vi legg vekt på gode fagkunnskaper inkludert god observasjonskompetanse
Personlege eigenskapar
Ser nye moglegheiter og bidreg til at arbeidsplassen utviklar seg
Liker utfordringar
Har evnen til å bevare roa og fi nne dei gode løysingane
Tar initiativ og ansvar
Er fleksibel og har lett for å omstille seg
Har godt humør og bidreg positivt med gode haldningar inn i personalgruppa
Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med kolleger, pasienter og pårørende
Vi tilbyr
Sjølvstendig og variert arbeid
Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
Høve til fagleg og personleg utvikling
Triveleg arbeidsmiljø
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Anita Kristiansen, Seksjonsleiar Barstadtun, 94142515, anita.kristiansen@volda.kommune.noAstrid Dimmen, Avdelingsleiar heimeteneste, 95770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 46100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4736926190
Stillingsprosent: 80, 70%
Vikar, Fast
Startdato: 01.12.2023
Sluttdato: 31.10.2024
Søknadsfrist: 13.12.2023
Om bedriften
Volda kommune er den nest største kommunen på Søre Sunnmøre og den sjette største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med overkant av 10.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spannande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2497409
- Hentet fra
talentech
- Referanse
79685315318d4143b8983b776efdc8e6