Hopp til innhold

Rådgjevar

Arbeidsgiver

Kommunalområde Livsløp, Haram kommune

Sted

Strandgata 40, 6270 Brattvåg

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til å utvikle tenestene i Haram kommune? Vi søkjer ein rådgjevar til fagstaben for Livsløp i eit vikariat medan ein av medarbeidarane våre er i foreldrepermisjon.

Kommunalområdet Livsløp omfattar helsetenester, pedagogisk fagsenter og vaksenopplæring, helsestasjon og ressursbase, barnevern, Nav. Vi er opptekne av å spele kvarandre gode og samarbeide på tvers, slik at innbyggjarane får samanhengande oppfølging når dei treng hjelp frå fleire tenester.

Som rådgjevar i fagstaben støttar du kommunalsjefen og tenesteleiarane i planarbeid, sakshandsaming og tenesteutvikling. Du følgjer opp tenesteområda, utarbeider saksframlegg og avgjerdsgrunnlag og koordinerer utviklingsarbeid som involverer fleire tenester.
Ei av oppgåvene dine er å leie og koordinere innføringa av betre tverrfagleg innsats (BTI) i Haram kommune. Du samarbeider med leiarar og ressurspersonar om opplæring og følgjer opp at tenestene tek modellen i bruk i det daglege arbeidet.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Leie og koordinere BTI-arbeidet i Haram kommune og følgje opp innføringa av BTI-modellen i tenestene. Dette inneber å samarbeide med leiarar og ressurspersonar om opplæring og om å ta modellen i bruk i det daglege arbeidet.
  • Følgje opp tenesteområda i Livsløp, handsame saker og utføre forvaltningsoppgåver.
  • Utarbeide saksframlegg og andre avgjerdsgrunnlag og bidra til planarbeid, rapportering og oppfølging av vedtak.
  • Leggje til rette for samhandling og samskaping i og på tvers av kommunalområda.
  • Følgje opp SLT-arbeidet med samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak.
  • Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk, samfunnsfag eller offentleg administrasjon.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og evne til å skrive klart og presist på nynorsk.
  • God digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye system og arbeidsverktøy.

Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning, sakshandsaming eller utviklingsarbeid på tvers av tenester. Kjennskap til BTI eller erfaring med å innføre nye arbeidsmåtar i ei verksemd er òg ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ, arbeider sjølvstendig og følgjer opp oppgåver til dei er ferdige.
  • Du får med deg leiarar og medarbeidarar når nye arbeidsmåtar skal takast i bruk.
  • Du samarbeider godt med ulike fagmiljø og får fram perspektiva deira.
  • Du set deg raskt inn i nye problemstillingar og formidlar komplekse saker på ein forståeleg måte.

Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Varierte oppgåver innan forvaltning, samhandling og tenesteutvikling.
  • Tett samarbeid med kommunalsjef, tenesteleiarar og fagmiljø i Livsløp og resten av kommunen.
  • Høve til å påverke korleis tenestene samarbeider om tidleg innsats for barn, unge og familiar.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no

Arbeidssted

Strandgata 40
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram kommune

Referansenr.: 5208367593
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Frode Bøe Hatlelid

Kommunalsjef

92243788

frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

64302b11-daa6-4cc5-9765-3e624ea535e0

Sist endret

16. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3374120e3931435dbcde011002f065d9

Lignende annonser

Laster lignende annonser