Helsefagarbeidar - 100 % fast i team - Knarvik Nord Aust heimeteneste
Alver kommune
Kvassnesvegen 27 , 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100 % fast i team - Knarvik Nord Aust heimeteneste
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 28. april
Om stillinga
Vi ønskjer å styrke bemanninga og har difor ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar knytt til eit team som gjev tenester til ein ung brukar 24/7. Brukar har personale med seg på skule, i heimen og på avlastning. Det kan kome vakter i ordinær heimetenesteavdeling dersom det ikkje er behov i teamet. Nokre i teamet har delar av stillinga i ordinær heimeteneste i tillegg til team, og andre heile stillinga si i team.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av teamet rundt brukar, og utøve helsehjelp i tråd med fastlagte rutinar
- Tverrfagleg samarbeid
Om avdelinga
Teamet er organisert i Knarvik heimeteneste avdeling Nord/Aust, og avdelinga er lokalisert i Knarvik i Geco-bygget. Du vert ein del av eit tverrfagleg lag beståande av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar, som alle bidrar med si høge kompetanse til vårt felles mål: å levere omsorg av høg kvalitet. I tillegg til ordinær heimeteneste har avdelinga ansvar for team kring brukarar med behov for heilkontinuerleg oppfølging. Vi har eit stort geografisk område med eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. Vi er eit tenesteområde i vekst, og har dei siste åra fokusert på velferdsteknologi for å gjere kvardagen enklare både for brukarane og for deg som skal gje omsorg og utføre tenester. Med fokus på kvalitet arbeidar vi kvar dag for å gje den beste omsorgen. Vi har eit dyktig og samarbeidsorientert team som set pris på kvarandre si kompetanse og erfaring.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Førarkort klasse B
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
- har gode kommunikasjonsevner
- ser løysingar framfor problem
- likar å arbeide tverrfagleg
- kan arbeide sjølvstendig, men samtidig fungere i teamarbeid
- er trygg i utøving av ditt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollega
- erfaring frå team
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Avdeling Manger og Ostereidet driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.
Sektor
Offentlig
Nettsted