Vil du bidra til sunn økonomi i små og mellomstore bedrifter?
Suldal Økonomi og Rådgiving AS
Sandsvegen 134, 4230 Sand, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Regnskapsfører
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
-
Har du orden i sysakene, økonomisk forståing og interesse for ulike bransjar?
-
Kan du snakka med både kong Salomo og Jørgen Hattemakar?
-
Vil du styra eigen arbeidskvardag og vera del av eit lag?
-
Har du drive eiga bedrift?
Då vil me gjerne høyra frå deg! Sidan stadig fleire vil ha vår hjelp, søkjer Suldal Økonomi og Rådgiving AS rekneskapsførar til nyoppretta stilling. Du har gjerne utdanning innan økonomi og administrasjon, har djup forståing for økonomi, og kan kommunisera så godt med kundane våre at du ser kva dei treng.
Suldal Økonomi og Rådgiving er eit rekneskapsbyrå som hjelper bedrifter med alt frå forretningsutvikling til skattemelding. Kundane me jobbar med, er små og mellomstore bedrifter over heile landet som treng økonomisk rådgjeving. At kundane får tett oppfølging frå eigen kontaktperson hjå oss, trur me er ein av grunnane til det. Alle rekneskapsførarane har altså eiga kundeportefølje. Kunden ringjer direkte eller stikk innom til deg, og derfor passar denne jobben best for dei som kan snakka godt med ulike folk i ulike bransjar.
Du veit forskjell på debet og kredit, og er utdanna innan rekneskap, økonomi eller administrasjon. Kanskje du til og med er statsautorisert? Og dersom du har drive eiga bedrift, er du ekstra interessant, uansett om bedrifta framleis finst eller ikkje. Då har du verdifull erfaring for kundane våre, og er i godt selskap med andre i teamet vårt. Me er ein gjeng med ulik alder, livsfase og bakgrunn, og er ambisiøse, skikkelege og resultatdrivne. Sidan ingen kan alt, speler me på kunnskapen til kvarandre.
I teamet har me altså ulike kundar, men er i same båt. Alle har eige kontor, og dørene er stort sett opne. Dersom du står fast, kan du spørja kven som helst over ein kaffikopp i døra. Det er fleksibelt her, med kjernetid frå 09.00 til 14.30. Éin dag i veka alle er på kontoret, for fellesmøte og status. Elles finn me ut av kva som passar deg, bedrifta og kundane best når du kjem hit for ein prat.
Som rekneskapsførar har du tillit frå start, og då er det ein fordel å vera både strategisk anlagt og relativt strukturert**.**Bedriftene sine behov styrer oppgåvene dine, medan du organiserer eigen arbeidskvardag, og me legg til rette for at du kan balansera heile livet litt, anten du skal på frisbeegolf, sauesamling eller henta i barnehagen. Eller sauna og morgonbading. Det er nettopp det som er fordelen med å bu i Suldal, her me held til -- her har me alt dette. Det er kort veg til mykje, og her er du del av eit godt, inkluderande samfunn.
Er dette deg eller nokon du kjenner? Ring dagleg leiar Sveinung Skjerahaug på 465 37 561 om du vil vita meir. Han fortel gjerne meir om jobben, kundebehov eller korleis du kan få plass å bu her. **Fristen er 7. september, men ta gjerne kontakt snarast.**Dersom du vurderer oss som aktuelle, blir aktuelle kandidatar vurdert fortløpande. Me gler oss!
Om bedriften
Suldal Økonomi og Rådgiving er eit rekneskapsbyrå for små og mellomstore bedrifter. Teamet består av tolv rekneskapsførarar med brei kompetanse, som brenn for berekraftig økonomi i framtidas næringsliv. Me har kontor på Sand, medan kundane våre held til over heile landet, i bransjar som industriproduksjon, bygg, handel, småkraft, fiske og landbruk. Uansett kor dei er og kva dei står i, kan kunden alltid kontakta oss direkte.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
640b8964-0339-4987-bf08-01936e907b88
- Hentet fra
FINN
- Referanse
423061055