Hopp til innhold

Bli med oss som ekstra mannskap – når det passar for deg!

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Fiskepiren 1, 4013 Stavanger

Om jobben

Stillingstittel
Bli med oss som ekstra mannskap på hurtigbåtane!
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. februar

Fjord1 søker no maskinister og matroser som kan ta ekstra vakter ved behov på våre hurtigbåtar i Stavanger.

I denne stillinga får du molegheit til å arbeide på alle dei tre fartøya i sambanda, per i dag: MS Fjordglytt, MS Medstraum og MS Sylvarnes. Dette er ein spennande og fleksibel jobb som passar for deg som ønsker ekstra arbeid ved sidan av anna jobb eller fritid. 
Du kan reise heim etter endt vakt, og dersom du treng det tilbyr vi hybelordning i arbeidsperioden. Rederiet dekker også reise til og frå arbeidsstad.

Arbeidet om bord kan variere avhengig av rolla du går inn i. Som maskinist blir du ein del av brubesetninga om bord saman med skipsførar og overstyrmann. Du får ansvar for teknisk utstyr og maskineri. Arbeidet består av overvaking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehald. I rolla som matros er du den som møter passasjerane først og sørgjer for god service og ei positiv opplevelse. Du handterer blant anna billettar, står for fortøying , held utkikk, og bidreg med praktisk vedlikehald som held fartøya i god stand.

Hos oss får ein variert og aktiv arbeidsdag, der du jobbar saman med erfarne kollegaer som skapar tryggleik, trivsel og god flyt om bord.

Aktuelle kandidater blir kontaktet fortløpande.


      Arbeidsoppgåver

    • Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla. 
    • Kvalifikasjonar

      Maskinist:

      • Minimumskvalifikasjonar som maskinspassar. Vi er og interessert i kandidatar med maskinsertifikat. Lønn blir gitt i samsvar med sertifikat.  
      • Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy.
      • Sikkerheitskurs i henhald til kvalifikasjonsforskrifta.
      • Krise- og passasjerhandteringskurs.
      • Gyldig helseerklæring.
      • FSE e-læring.

      Matros:

      • Fagbrev som matros eller nok fartstid til å kunne mønstre som matros.
      • Sikkerheitskurs i henhald til kvalifikasjonsforskrifta.
      • Krise- og passasjerhandteringskurs.
      • Gyldig helseerklæring.

      Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

      Personlege eigenskapar

      Vi søker erfarne og engasjerte maskinistar og matrosar som bidreg positivt i teamet. Du har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og arbeider med høgt fokus på sikkerheit og effektiv drift.

      Vi kan tilby deg

      • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det norske maskinistforbund/ Det norske sjømannsforbundet.
      • Variert og spanande arbeid.
      • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
      • Reise til og fra jobb blir dekka.
      • Hybelordning i arbeidsperioden.

      Kontaktinformasjon

      Therese Marie Bjørk , Bemanningskoordinator, therese.bjork@fjord1.no

      Arbeidsstad

      Fiskepiren 1
      4013 Stavanger

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Fjord1 AS

      Referansenr.: 5065287105
      Stillingsprosent: 100%
      Vikar
      Søknadsfrist: 19.02.2026

      Kontaktperson for stillingen

      Therese Marie Bjørk

      Bemanningskoordinator

      therese.bjork@fjord1.no

      Om bedriften

      Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

      Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

      Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

      Sektor

      Privat

      Del annonsen

      Annonsedata

      Rapporter annonse
      Stillingsnummer

      63db907f-de56-4279-9560-bd44cbbe73e9

      Sist endret

      19. januar 2026

      Hentet fra

      talentech

      Referanse

      53f39bbfd1914d809140f5a8147659f3

      Lignende annonser