Helsefagarbeidar
Høyanger kommune Open omsorg Høyanger
August Gunnarskogs gate , 6993 Høyanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Kommunen har god grunnbemanning både i open omsorg og ved sjukeheimane der vi legg vekt på fagleg utvikling. Kommunen er i ferd med å starte opp dagtilbod for heimebuande demente med lokaler i Høyanger helse og sosialsenter. Hovuddelen av stillinga vil ha arbeidsoppgåver knytt til dette dagtilbodet.
Vi har ledig 100% fast stilling frå snarast.
Arbeidstid: dagtid med arbeid 3.kvar helg. Arbeid på helg vil være ved heimesjukepleien.
Arbeidsoppgåver:
- sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester ved eininga, og at oppgåver blir utført i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- utøve trygg og god personsentrert omsorg
- gjennomføre kartlegging og risikovurdering
- observere og dokumentere i kommunen sitt journalsystem
- bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar
Kven søkjer vi etter:
Vi søker deg som er fagleg trygg og trivast med travle arbeidsdagar og som ynskjer å bli ein del av eit fagleg spennande og godt arbeidsmiljø. Vi er opptekne av kvalitet og fagutvikling med fokus på å gjere kvarandre gode.
Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar og må beherske norsk muntleg og skriftleg. Du må ha førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir). Det er ein føremon med erfaring og/eller vidareutdanning fra demenssjukdom / arbeid med utfordrande adferd.
Personlege eigenskaper:
- må være fagleg engasjert og trygg i rolla som fagperson
- ha interesse for arbeid med menneske med demens
- må tåle å jobbe i krevande situasjonar
- god til å arbeide sjølvstendig og i team
Kvifor søkje stilling hos oss?
- Startar på avlønning tilsvarande 8 års ansiennitet
- 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
- God opplæring og rettleiing
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen er hjelpsam med å skaffe bustad
- Dekking av flytteutgifter mot bindingstid
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2918750
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3492107_178607_nn