Hopp til innhold

Rektor Ørsta ungdomsskule 

Arbeidsgiver

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

Sted

Ripateigane 2, 6153 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Rektor Ungdomsskulen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

Er du den rette til å leie og vidareutvikle ein framtidsretta ungdomsskule med engasjerte tilsette og nyrenoverte skulelokale?

Ved Ørsta ungdomsskule har vi ledig 100 % fast stilling som rektor frå 01.02.2027. Tiltreding etter avtale.
Stillinga er plassert i kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering.
Ørsta ungdomsskule er ein rein 8.–10.-skule med omlag 370 elevar og 65 tilsette, og er ein av dei største kommunale grunnskulane i Ørsta kommune.
Skulen ligg sentralt i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane.
Skulen har eit leiarteam sett saman av  rektor, to assisterande rektorar og to trinnleiarar.

Arbeidsoppgåver

Ørstaskulen sine overordna mål er:

  • Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
  • Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.

I Ørstaskulen har vi langsiktig, heilskapleg satsing på å betre læringa til elevane, m.a. gjennom særleg fokus på lesing og læringsstrategiar i alle fag, å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø og ha fokus på relasjonskompetanse, fysisk og psykisk helse. Vi arbeider systematisk med tidleg innsats og tverrfagleg samhandling gjennom modellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI), og legg stor vekt på elevmedverknad, inkludering og førebygging av utanforskap. Alle lærarar deltek i lærande nettverk på eigen skule og mellom skulane i kommunen. Rektorane deltek i nettverksarbeid på skuleleiarnivå gjennom skuleleiarmøta i kommunen og leiarsamlingar i Sjustjerna.

Ørstaskulen satsar også sterkt på digital kompetanse som grunnleggande ferdigheit med Chromebooks og Google Workspace for Education Plus som hovudverktøy. 

 Arbeidsoppgåver

Som rektor har du det overordna pedagogiske, personalmessige og økonomiske ansvaret for skulen, og er ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. Tenesteleiar har eit sjølvstendig ansvar for budsjett, personal og fagtilbod i si eining slik som mellom anna:

  • Leie og vidareutvikle det pedagogiske utviklingsarbeidet og profesjonsfellesskapet ved skulen
  • Sikre eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø i tråd med opplæringslova, i tett samarbeid med elevråd og føresette (FAU)
  • Fremje tverrfagleg samhandling (BTI) med mellom anna PPT, skulehelsetenesta og barneskulane for gode overgangar
  • Leiing og administrasjon, samt planlegging og koordinering av dagleg drift
  • Rapportering og strategisk utvikling i tråd med kommunale planar og leiaravtale
  • Personalansvar med oppfølging av tilsette, kommunen har eit stort fokus på sjukefråværsarbeid og jobbar for å utvikle ein heilskapskultur på alle område.
  • Det kan liggje undervisningsoppgåver til stillinga

Meistringsorientert leiing er eit sentralt stikkord som er knytt til dei forventingane som vil verte stilte til deg som leiar. Kommunen nyttar leiaravtale og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet.  

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein rektor som har:

  • godkjend pedagogisk utdanning (undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen) og solid praksis frå grunnskulen, gjerne frå ungdomstrinnet
  • formell utdanning og erfaring innan leiing, inkludert personal- og økonomistyring. Ved manglande formell leiarkompetanse blir det sett vilkår om relevant vidareutdanning (nasjonal rektorutdanning eller tilsvarande) innan tre år.
  • god forståing for lov- og avtaleverk i skulesektoren
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, som er administrasjonsmålet i Ørsta kommune
  • god digital kompetanse og evne og vilje til å setje seg inn i og nytte kommunen sine system
  • Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding, jf. opplæringslova § 17-11.

Personlege eigenskapar

  • tydeleg, inkluderande og tillitskapande med gode leiar- og samarbeidsevner
  • engasjert og har evne til å inspirere og mobilisere andre
  • relasjonssterk og trygg i møte med elevar, føresette og tilsette – også i krevjande saker
  • utviklingsorientert, lyttande og har gode evner til omstilling og til å leie pedagogisk utviklingsarbeid
  • kan arbeide målretta, strukturert, systematisk og sjølvstendig, med god gjennomføringsevne og blikk for heilskap og ressursstyring
  • er stabil og har høg yteevne og vilje til ekstra innsats når det er naudsynt

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, også gruppeintervju kan vere aktuelt. Referansar vert nytta.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Kompetanseheving og utvikling gjennom nettverksarbeid
  • Deltaking i det overordna utviklingsarbeidet for Ørstaskulen i dei kommunale skuleleiarmøta
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningari KLP for sine tilsette, som også inkluderer frivillig ulykkesforsikring på fritida.
    Som lærar blir du medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør og dine næraste kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.  Du kan også få gode vilkår på bustadlån.
  • Stillinga er plassert i HTV kap. 3.4.2
    Stillingskode 9951 - rektor
    Løn etter avtale.

    Arbeidsvilkår: jf. HTA §6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

    Dokumentasjon
    Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
    Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. 
     Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. 

    Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25 kan søkjaren sjølv be om at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, men må grunngje dette i søknaden. Søkjaren sine behov vil verte vurderte konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. 

     

    Kontaktinformasjon

    Pål Einar Brekke, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, 47 62 34 18,  pal-einar.brekke@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Ripateigane 2
    6153 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5211296353
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 31.12.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Pål Einar Brekke

    Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering

    47 62 34 18

    pal-einar.brekke@orsta.kommune.no

    Om bedriften

    Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    638804d3-6b9b-45d9-81af-ca345998875d

    Sist endret

    26. november 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    c918e737f6744298a1624846954c12a8

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser