Hopp til innhold

Vi søkjer bioingeniør

Arbeidsgiver

Laboratoriet Stord sjukehus

Sted

Tysevegen 64, 5416 Stord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Er du bioingeniør som vil jobbe i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø, og klar for nye utfordringar?

Laboratoriet på Stord er ein del av avdeling for laboratoriemedisin, eitt av seks laboratorium i Helse Fonna. Vi er eit akkreditert laboratoruim med døgnkontinuerleg drift, og her får du variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin. Du vil arbeide med topp moderne utstyr og automasjon i eit inkluderande miljø og tett samarbeid med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar! Vi utfører analysearbeid innan medisinsk biokjemi og immunologi, samt transfusjonsmedisin.

Vi har no eit ledig vikariat fra 01.01.2026 - 31.12.2026, med gode muligheter for fast stilling. Startdato etter avtale.

Stillinga inngår i turnusordning med tredelt vakt og arbeid kvar tredje helg. Vi tilpasser turnus individuelt.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga - og vil bli ein del av vårt team! Vi gledar oss til å bli kjent med deg!


Kva går jobben ut på?

  • Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi.
  • Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse.
  • Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga.
  • Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
  • Relevant praksis/arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel, men ikkje et krav.
  • Gode IKT kunnskaper.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Fagleg engasjert og lærevillig
  • Jobbe strukturert og målretta
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Må trivst i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Serviceinnstilt

Kvifor skal du velje oss?

  • Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin.
  • Eit inkluderande miljø og tett samarbeid med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar.
  • Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Pedersen, Funksjonsleiar - Laboratoriet Stord, +47 45661893

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5049235411
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 19.12.2025

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6383fe9d-c82b-4259-bd17-21174819818d

Sist endret

20. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

a83878bfc8554573be1019af7d02ed7b

Lignende annonser

Laster lignende annonser