Hopp til innhold

ID 2485 Jordmor vikariat - Førebyggjande tenester

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Oppstart
1. desember 2026
Stillingstittel
Jordmor
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Førebyggande tenester, avdeling for førebyggande helse har ansvar for svangerskapsomsorga, helsestasjon, skulehelseteneste, smittevern og helsestasjon for ungdom.

Me søkjer etter Jordmor i eit 60% vikariat i perioden 01.12.26- 30.11.27

Me søkjer etter ein engasjert fagperson som vil vera med på å gi gode tenester til gravide og barselkvinner og deira familiar.

Me treng at du har:
  • Godkjent jordmorutdanning og gjerne erfaring frå kommunehelsetenesta.

  • Høg arbeidskapasitet

  • Gode samarbeidsevner

  • Bidreg inn i det tverrfaglege fellesskapet i helsestasjonen og i resten av avdelinga

  • Stort engasjement for kvinnehelse og svangerskapsomsorga

Vidare ynskjer me at du:
  • Er engasjert og personleg eigna

  • Systematisk, strukturert og sjølvstendig

  • Interesse for og engasjement i høve til utviklingsarbeid i tenesta

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Påliteleg, men og fleksibel

  • Har førarkort kl. B

Me kan tilby:
  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver

  • Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift

  • Høgt faglig nivå

  • Etablert tverrfagleg samarbeid

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentlig tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Spørsmål om stillingane kan rettast til leiande helsesjukepleiar Jorunn Hystad 94794288

Kontaktperson for stillingen

Jorunn Hystad

Leiande helsesjukepleiar

947 94 288

jorunn.hystad@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

637cf517-f297-4441-b1f1-dae98e23f4e9

Sist endret

1. oktober 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

637cf517-f297-4441-b1f1-dae98e23f4e9

Lignende annonser

Laster lignende annonser