Helsefagarbeidar
Korttid/rehabilitering, Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Fast, deltid 60.%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2
Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu og helsesenter har ledig to faste stillingar som helsefagarbeidar i 60 % og 70 %. Det er ønskeleg med oppstart frå august 2023. Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3. helg.
KOR er ein spanande avdeling som har 7 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar. Pasientane kjem til avdelinga enten frå sjukehus eller heimen, og er inne for kortare eller lengre opphald. Opphalda på KOR kan variere mellom eit kartleggimgsopphald, planlagde rehabiliteringsopphald i frå heimen, rehabilitering etter sjukehusopphald, avlastning, korttids- opphald eller palliativ behandling.
KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har tverrfaglig samarbeid med lege, heimeteneste, tenestekontor og fysio- og ergoterapi tenesta. Me ser etter deg med interesse for fagfeltet rehabilitering, og som er oppteken av gode samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg pleie og omsorg
- Praktiske prosedyrer på avdelinga
- Aktiv rehabilitering
- Dokumentasjon i elektronisk journalsystem
- Tverrfaglig samarbeid
- Oppfylging av pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Har kompetanse og interesse for fagfeltet rehabilitering
- Har fagleg engasjement og er løysningsorientert i di tilnærming
- Er god til å vurdere, prioritere og iverksette
- Er ein god lagspelar og kollega som bidrar til å bevare eit godt arbeidsmiljø
- Tar initiativ, er fleksibel og samarbeidsvillig
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Eit levande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med engasjerte medarbeidarar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein spannande og aktiv avdeling
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
- Etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til godkjend politiattest før tiltreding i stillinga
Synes du stillinga ser interessant ut og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Isabel Knutsen.
Kontaktinformasjon
Isabel Knutsen, Avdelingssjukepleiar , 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4633154607
Stillingsprosent: 60, 70%
Fast
Startdato: 01.08.2023
Søknadsfrist: 03.04.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2279983
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3e6c8f17a0154848b9bc2a4871865bf0