Hopp til innhold

Vikariat Helland ungdomsskule.

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Helland ungdomsskule

Sted

Skulebakken 1, 6391 Tresfjord

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningssilling
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. juli

Det er ledig eit vikariat i om lag 100% undervisningsstilling med tiltreding 01.08.2024 til og med 20.februar 2027
Utover våren kan det bli ytterlegare behov grunna permisjonar, utdanning osb.

Helland ungdomsskule ligg midlertidig plassert i vakre Tresfjord omlag 15 km frå Vestnes sentrum. Dette skuleåret er det 170 elevar fordelt på 8 undervisningsgrupper. Vi har eit godt kvalifisert personale på om lag 30 personar som jobbar i tre team rundt årsstega. 

Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt


Kvalifikasjonar
- Fag som er av særleg interesse er norsk, matematikk og engelsk. Andre fag kan også vere aktuelle.
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Det er ønskeleg med norsk på nivå B2.
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert særskilt stilt krav til allmennlærarutdanning, men tilsvarande pedagogisk utdanning vil også bli vurdert
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt som til dømes å kunne bygge gode relasjonar med elevane.


Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne


Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på samhandling rundt våre elevar
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale


Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju. Intervjuet kan gjerast på Teams om det er naudsynt. 


Referansar
Oppgi referansar


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Gunvald Fauske

+47 95133377

gunvald.fauske@vestnes.kommune.no

Om bedriften

Helland ungdomsskule har 160 elevar frå 8.-10. steg. Skulen er midlertidig lokalisert i Tresfjord.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

63091fe7-26ab-4c45-9ff8-5727127e51ba

Sist endret

1. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3642795_198825_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser