Lærarstillingar i Timeskulen skuleåret 2026-27
Skule, Time kommune
Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarstillingar i Timeskulen skuleåret 2026-27
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 12. februar
Elevane våre har lyst på livet og evne til å meistra det!
Time kommune søker kvalifiserte lærarar som vil vera med på utviklinga framover, og som ønsker ein spanande og variert arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er: Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for den enkelte eleven slik at me når visjonen vår om at elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Hos oss vil du vera del av eit fellesskap som har eit profesjonsfagleg fokus på læring og utvikling.
Det store oppdraget og målet er at elevane skal fullføra vidaregåande opplæring for vidare utdanning og arbeid. Sjølv om det kan vera langt fram til elevane skal fullføra vidaregåande opplæring, er kvar dag ein god dag for livet her og nå, og eit grunnlag for at elevane skal lukkast når dei går vidare. Formålet i skulen er danning og utdanning, og dette ansvaret kan ikkje leiinga og lærarane bæra åleine. På alle skulane i Time har ein eit tverrfagleg team "Laget rundt læraren og eleven", som består av inkluderingspedagog, sosialrådgjevar, operativ sosialfagleg ressursperson, helsesjukepleiar og PPT-kontaktperson. Laget samarbeider tett i arbeidet med førebyggande tiltak, og bistår tilsette med å løysa utfordringar.
Alle skulane tilbyr rettleiing til nyutdanna lærarar.
På nåverande tidspunkt har me ledige stillingar på desse skulane:
Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum, i gåavstand frå buss-/togstasjonen. Me har om lag 330 elevar og 55 tilsette. Me har 4 og 5 parallellar på 8.-10. trinn. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette hos oss skal ha eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø. Visjonen vår er at alle elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Lye ungdomsskuleSkulen ligg sentralt på Lye ca 6 kilometer frå Bryne.
Me får elevar frå Lye skule og Undheim skule. Skuleåret 2025-2026 har skulen 140 elevar og 24 tilsette.
Me arbeider kvar dag for at elevane våre skal trivast, meistra og læra.
Rosseland skule
Rosseland skule er ein stor barneskule som ligg sentralt plassert i Bryne. Skulen vil ha om lag 550 elevar skuleåret 2026-27, og 80 tilsette i skule og SFO. Me kan tilby eit flott skulebygg. Me har eit personale som er ein god mix av ulike tilsette, som tilsaman har ein høg kompetanse.
Skulen er praksisskule for lærarstudentar frå UIS.
Me arbeider kvar dag for at barnet skal bli møtt og sett, og oppleva meistring aleine og saman med andre på laget vårt.
Me er opptekne av at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø.
Arbeidsoppgåver
Bryne ungdomsskule:Me har ledig 1 lærarstilling i 100 % vikariat for skuleåret 26/27. Hovudoppgåvene er undervisning som legg til rette for fagleg og sosial læring for elevane våre på 8.-10.trinn. Du må lika å jobba i team både rundt klassar og rundt grupper av elevar. Det kan bli aktuelt å vera kontaktlærar.
Lye ungdomsskule:Lye ungdomsskule har ledig 2 lærarvikariat frå 1. august 2026.
Me har ledig inntil 4 lærarstillingar skuleåret frå 1.august 2026. Me søkjer etter lærarar som ønskjer å arbeida på 1.-4.trinn, gjerne som kontaktlærarar
Kvalifikasjonar
Bryne ungdomsskule:Du må ha godkjent lærarutdanning med fortrinnsvis engelsk og kroppsøving i fagkretsen. Det er ønskeleg med andre fag i tillegg, eventuelt spesialpedagogikk.
Lye ungdomsskule:Me treng lærarar med godkjent undervisningskompetanse på ungdomskulen i matematikk, naturfag og engelsk. Gjerne i kombinasjon med andre fag som til dømes kroppsøving og kunst og handverk.
Godkjent almennlærarutdanning, GLU 1-7, eller M-GLU 1-7. Bør ha minst 30 stp i norsk, og 30stp i matematikk eller engelsk
Har du erfaring for arbeid på småskuletrinnet og som kontaktlærar, vil det vera ein fordel.
Skriv i søknaden kva stilling og skule du søkjer på. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Sagen Milner, Rektor Lye ungdomsskule, 95294806, ingeborg.sagen.milner@time.kommune.noGeir Soma, Rektor Rosseland skule, 97581636, geir.soma@time.kommune.no
Iselin Gjære Lothe, Rektor, Bryne ungdomsskule, 91573539, iselin.gjaere.lothe@time.kommune.no
Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 304340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5065881480
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 12.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6307fedf-dde9-43b3-9ceb-a6d8ad091ac0
- Sist endret
20. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f3fcd1c1b3f040e491a3638d376582bf
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Rosseland skule, Time kommune
Sted
Bryne
Lærarstillingar i Klepp kommune fra 01.08.2026
Arbeidsgiver
Klepp kommune, Administrasjon Skule
Sted
Klepp Stasjon
Lærar august 2026
Arbeidsgiver
Hå kommune Skoleavdelingen
Sted
Varhaug