Vestlamell søkjer produksjonsleiar med nase for tre og kvalitet
Vestlamell AS
Garaneset 30, 4230 Sand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Produksjonsleiar (arbeidande formann)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Har du sans for kvalitet, folk og god produksjonsflyt? Vestlamell søkjer deg som kan halda oversikt, delta i produksjonen -- og få maskinar og menneske til å dra i lag.
I denne jobben treng du ikkje vera stand-up-komikar, men ei viss evne til å prata med både kollegaer og kundar kjem godt med.
Antan du har lang fartstid innan trelastfaget eller kjem frå ein annan bransje, er det plass til deg som likar å gjera ting skikkeleg
Nyfiken? Les omvendt jobbintervju her! https://www.vestlamell.no/ledige-stillingar Kvardagen din går ut på å:-
Planleggja, prioritera og leia dagleg produksjon
-
Delta i produksjonen
-
Følgja opp ordrar og kvalitetsrutinar
-
Sørgja for tryggleik, struktur og HMS
-
Vera pådrivar for utvikling: Me veks, og rett person kjem til å bidra i denne prosessen
Du vil trivast god hjå oss om du:
-
er hyggjeleg og nysgjerrig, og likar å arbeida med både folk og maskinar
-
ønskjer å vera med og utvikla deg sjølv, teamet og produksjonen
-
kan kommunisera godt med kollegaer og kundar
Me tilpassar opplæringa, og du er inkludert frå dag éin. I tillegg tilbyr me:
-
Eit triveleg, kompetent og lærande arbeidsmiljø, også gjennom bransjenettverket Norske Trevarer
-
Ein arbeidsgivar som heiar på initiativ og forbetringar
-
Fagleg utvikling og vidareutdanning
-
Pensjon på 4 %
Om bedriften
Vestlamell er ein norsk trevareprodusent med over 40 års erfaring. Me held til på Sand i Ryfylke, der me produserer komponentar i furu, eik, accoya og ask for kvalitetsbevisste vindus- og dørprodusentar over heile landet.
Du finn skreddarsydde trekomponentar frå Vestlamell i alt frå arkitektteikna bustader og hytter, til restaurerte bygardar og spesialbygg. Me er for tida fem tilsette, og ser nå etter ein ny kollega som vil vera med i utviklinga av Vestlamell.
Sektor
Privat