Spennande moglegheit til å arbeide som fagsjukepleiar i Helse – og omsorg!
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
Vågå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Vågå kommune har frå 01.01.25 samla Heimetenesta og sjukeheimsinstitusjonen Vågåheimen til eit felles tenesteområde, Helse- og omsorg. Dagens Heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter.
I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette. Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon.
Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.
Vi har fylgjande ledige stillingar frå dd:
· 1 x100% fast stilling som fagsjukepleiar , for tida ved Vågåheimen på dag og 4. kvar helg
· 1 x 100% fast stilling som fagsjukepleiar , for tida ved Heimetenesta på dag og 4. kvar helg
Arbeidsoppgåver:
· Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar
· Fagutvikling i avdelingane
· Opplæring og fagrettleiing av tilsette
· Direkte pasientoppfylging
· Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
· Oppdatering og utvikling av rutinar
· Internkontroll og dokumentasjon
· Innovasjon
· Samarbeid med pårørande og andre
· Ansvarsvakt for sjukepleiarar
Kvalifikasjonar
-
Autorisasjon som sjukepleiar
-
Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
-
Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
-
God fagleg innsikt og tryggheit
-
Søkaren lyt ha førarkort klasse B.
Eigenskapane dine:
-
Fagleg engasjert
-
Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
-
Kreativ og endringsorientert/-viljug
-
Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
-
Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet
-
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
Fleksibel og lojal
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:-
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
-
Arbeid i tverrfagleg team
-
Kompetanseheving og fagleg utvikling
-
Eit godt fagmiljø, dyktige og rutinerte kollegaer
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du kva for stillingar du eventuelt søkjer på.
Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar. Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er. SøknadSøknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 18.05.2025 Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:Avdelingsleiar Vågåheimen, Mariann Rosten: mariann.rosten@vaga.kommune.no , tlf 482 20 683
Avdelingsleiar Heimetenesta, Pia K. Søberg: pia.soberg@vaga.kommune.no , tlf 461 96 741
eller
Tenesteleiar Helse- og omsorg, Hanne Stokke Moen: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no ,
tlf 948 65 287
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2918681
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
62d7afdb-b46b-41e2-973a-cbe9cdf629a1