Lærar i fellesfag/spesialpedagog
OPK-SL - Slåtthaug vgs, Vestland fylkeskommune
Slåtthaugvegen 134, 5222 Nesttun
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar i fellesfag/spesialpedagog
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. desember
Arbeidsoppgåver
Undervisning i fellesfag (engelsk, norsk, samfunnsfag, matematikk, naturfag)
Individuelt tilrettelagt opplæring og støtteundervisning
Oppfølging av elevgrupper og enkeltelevar i fag og grunnleggjande ferdigheiter
Vikar i fellesfag
Kvalifikasjonar
Godkjend lærarutdanning
Minimum 60 studiepoeng i to av fellesfaga som er nemnt ovanfor
Undervisningserfaring frå vidaregåande skule og/eller ungdomstrinnet
Det er ønskjeleg med erfaring med individuelt tilrettelagt opplæring
Erfaring med arbeid med ungdom som utfordrar grenser
Personlege eigenskapar
Du har eit elevsyn som byggjer på at alle kan lære, og du fokuserer på det elevane får til framfor det dei ikkje får til
Du taklar at vekene ikkje er like, og at arbeidsoppgåvene skiftar gjennom året
Du kan faga dine og likar å prøve ut og variere didaktiske tilnærmingar
Du samarbeider godt med andre
Du er tolmodig og har hjartelag for ungdom i ulike livssituasjonar
Du trivst i klasserommet
Du er ein trygg rollemodell og ein god rettleiar
Du har god kjennskap til skulen sine rammer, og kan ta initiativ og kome med kreative løysingar innanfor desse rammene
Vi tilbyr
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikkGode forsikrings- og pensjonsordningar
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
Kontaktinformasjon
Ingvill Rabben Dypevik, avdelingsleiar, 45043522, ingvill.rabben.dypevik@vlfk.noLena Sanden, avdelingsleiar, 45291295, lena.sanden@vlfk.no
Magnhild Hakestad, rektor , 97737676, magnhild.hakestad@vlfk.no
Arbeidsstad
Slåtthaugvegen 1345222 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5049308937
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 12.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
62a663e7-c384-4f3b-9b53-a1f4273ca83c
- Sist endret
3. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
697b09ed3be347f6b199c7824fc39015
Lignende annonser
Faglærar i norsk og samfunnskunnskap
Arbeidsgiver
Åsane vgs, Vestland fylkeskommune
Sted
Ulset
Arbeidsgiver
Askøy videregående skole, Vestland fylkeskommune
Sted
Kleppestø
Arbeidsgiver
OPK-FU - Avd. Fellesfag, Vestland fylkeskommune
Sted
Eikelandsosen