Hopp til innhold

Engasjert miljøterapeut, 100 % vikarstilling

Arbeidsgiver

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Sted

Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Vil du jobbe målretta med miljøterapi og bidra til ein meiningsfull kvardag for menneske med funksjonsnedsettingar? Vi søkjer ein fagleg engasjert miljøterapeut som ønskjer å vere med og utvikle tenestene våre, og som trivst i eit aktivt og samarbeidande fagmiljø.

100 % vikarstilling som miljøterapeut ved Bismotunet bufellesskap

Er du interessert i målretta miljøarbeid, er engasjert i faget og ynskjer deg eit engasjerande fagmiljø? Hjå oss kan du som fagansvarleg vere med på å gje personar med funksjonsnedsettingar ein meiningsfull kvardag. Som fagansvarleg vil du ha ansvar for fagsystemet kring enkelte tenestemottakarar, samt vere bindeleddet mellom pårørande og spesialisthelsetenesta.

Arbeidsstad er for tida ved Bismotunet bufellesskap, og er ei vikarstilling frå dags dato til og med 30.4.2027

Arbeidstid er etter gjeldande turnus, for tida 3-delt turnus med valfritt 3.kvar helg eller langvakter 4.kvar helg. Er det ynskjeleg kan langvakter midt i veka vere ei moglegheit.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant 3-årig helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning. Erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

  • Førarkort klasse B.

  • Politiattest av nyare dato.

Vi vektlegg at du

  • har interesse for utvikling av tenestene.

  • er fleksibel i høve til omstillingar.

  • tek sjølvstendig initiativ til aktivitet med brukarane i sentrum.

  • har erfaring frå liknande arbeid.

  • har gode samarbeidsevner.

  • har generell forståing for bruk av meistringsteknologi.

Arbeidet kan vere fysisk belastande.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Hjå oss får du

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.

  • pensjonsordning i KLP.

Andre stillingar eller vikariat kan bli ledig ved interne opprykk. Tilsetting i desse vil då bli gjennomført med utgangspunkt i søkjarane til den aktuelle stillinga.

Spørsmål om stillinga kan rettast tilKari Gjelbakken mobil 45 34 39 53

Søknadsfrist: 19.04.26

Elektronisk søknadsskjema

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om oss?

Les meir om korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på Å vekse opp i Skjåk - Skjåk Kommune

Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.

Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Kontaktperson for stillingen

Kari Gjelbakken

Avdelingsleiar

453 43 953

kari.gjelbakken@skjaak.kommune.no

Om bedriften

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

62a33628-a636-4b48-b977-3d771dc9e284

Sist endret

7. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

62a33628-a636-4b48-b977-3d771dc9e284

Lignende annonser

Laster lignende annonser