Aktivitetsleiarar til "open hall" - prosjekt
Kultur - Klepp kommune
Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Aktivitetsleiarar til "open hall" - prosjekt
Oppstart
15. september 2025
Type ansettelse
Engasjement, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
4
Ved Axis ungdomskultursenter er det ledige stillingar som:
Aktivitetsleiarar «Open hall» - prosjekt
Stilling: deltid, ca. 10 timar per månad. Arbeid annakvar fredag kveld.
Prosjekt frå 15.09.2025 til 31.12.2026
Me har fått tilskot til eit «Open hall» -prosjekt for ungdom. Me vil starta opp eit tilbod i ein eller to idrettshallar i kommunen 3 timar kvar fredag kveld i perioden15.09.2025 til 31.12.2026. Me ønskjer å knytte til oss 4-6 aktivitetsleiarar fordelte på to team til å arbeida med dette. Arbeidet vil vera annakvar fredag gjennom heile året og det blir lagt opp til samarbeid med aktuelle idrettslag.
Me søkjer og etter tilkallingspersonar til dette prosjektet.
Ungdomskultursenteret AXIS er eit kultur- og fritidstilbod for ungdom mellom 13 og 18 år i Klepp. Senteret ligg sentralt i Klepp sentrum og blir drive av Klepp kommune, kulturavdelinga. Axis skal både vera ein uformell sosial arena, men og eit mangfaldig, variert kultur- og fritidstilbod, der det blir lagt til rette for at ungdom skal kunne påverke, forme innhald og aktivitet og få støtte og hjelp med å utvikla idear, interesser og talent, i eit trygt, inkluderande og kreativt ungdomsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Organisera, iverksette og leggja til rette for aktivitet for ungdom i open hall
Skapa eit kjekt variert leik/ fysisk aktivitet-innhald som alle kan delta i
Samarbeid omkring andre tilbod ved Axis, med ungdom, frivillige og andre, for å utvikla eit heilskapleg ungdomstilbod
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss søkjarar som:
- har variert erfaring frå idrettsleg- eller leikbasert fysisk aktivitet og helst noko trenar- eller leiarerfaring frå aktivitet for barn og unge.
- har gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg, samt engelsk munnleg
- aldergrense for søkere: minimum 20 år
Det blir stilt krav om gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- engasjement, motivasjon og energi til å vera med å skapa eit godt og spannende ungdomstilbod
- open og utadvendt, inkluderande, trygg og aktiv
- gode evner til samarbeid og kommunikasjon både med barn og vaksne
- ærleg, ansvarsbevisst, ordentleg, sjølvstendig og lojal
Vi tilbyr
Spannende meiningsfylt arbeid
God opplæring, oppfølging og veiledning
Lønn etter tariff
Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Gratis parkering
Treningstilskudd og bedriftsidrettslag
Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
Bedriftskunstforening
Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Nærare opplysingar: Dagleg leiar Daniel Thengs: telefon 45 60 50 80 eller kultursjef Ulf Ludvigsen, telefon 99 44 48 29. Nærare opplysningar: Dagleg leiar Daniel Thengs: telefon 45 60 50 80 eller kultursjef Ulf Ludvigsen, telefon 99 44 48 29.
Kontaktinformasjon
Ulf Ludvigsen, Kultursjef, +47 99444829Arbeidsstad
Bedriftsvegen 44353 KLEPP STASJON
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4973826663
Stillingsprosent: 0%
Engasjement
Startdato: 15.09.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 05.06.2025
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6286a8f5-6d4c-406b-a2ed-ea50d01d75c2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bb3c7b16b30647718baf35e0a0dec5d8