Avdelingsleiar samlingsforvaltning/arkivar
Stiftinga Vest-telemark Museum
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo, Tokke
Om jobben
Stillingstittel
Samlingsforvalter (museum)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Er du historieinteressert, systematisk og strukturert? Vil du vere med å sikre, dokumentere og formidle vår kulturarv?
Vest-Telemark Museum har ei felles samlingsforvaltning for dei einingar som er tilslutta museet. Samlingane omfattar kulturhistoriske gjenstandar, kunst, foto, arkiv og boksamling. Forvaltning av dette ligg til samlingsavdelinga. Avdelinga består av to stillingar knytt til samlingsarbeidet og fotoarkivar 40% i tillegg til prosjektfinansierte ressursar. Avdelingsleiar er del av leiarteamet ved museet.
Me arbeider med å byggje opp ei varig løysing for privatarkiv i regionen. I dette ligg etablering av eit kjeldesenter med innsamling, ordning og formidling av arkivmateriale og foto skapt av privatpersonar, lag, foreiningar og verksemder. Vårt ansvarsfelt vil vere avgrensa geografisk til Vest-Telemark, men arbeidet inngår i det faglege nettverk Telemarksarkivet saman med arkivtenestene ved Norsk Industriarbeidermuseum og Telemark Museum. Arkivarbeidet inngår organisatorisk som ein del av vår samlingsavdeling.
Oppgåver som høyrer til stillinga:
-
dagleg oppfølging av samlingsavdelinga
-
planansvar for samlingsarbeidet
-
innsamling, registrering og formidling av privatarkiv
-
ta del i fagnettverket for privatarkivarbeidet i Telemark
-
statistikk og rapportering
-
støttefunksjon i museets formidlings- og utstillingsarbeid
-
ansvar for museets fagbibliotek
Museet brukar fagsystemet ASTA og publiserer arkiv på arkivportalen.no og digitalarkivet. Elles er Primus det sentrale registrerings- og publiseringsverktøy for gjenstandar og foto.
Søkjar bør ha evne til god munnleg og skriftleg framstilling, og erfaring innan IKT. Det vert lagt vekt på relevant utdanning, praksis og gode samarbeidsevner. Det er ynskjeleg at søkjar har minimum mastergrad eller tilsvarande innan relevant fagkrins.
Om bedriften
Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald for Vest-Telemark Museum -- Eidsborg, Åmdals Verk Gruver, Grimdalstunet, Fyresdal Bygdemuseum, Kviteseid Bygdetun, Norsk Skieventyr, Øyfjell Bygdemuseum, Dyre Vaa Samlingane, Knut Skinnarlands samlingar, Myllarheimen, Vinje Biletgalleri og Vinjestoga. Me har i dag 16 fast tilsette og sysselset vel 20 årsverk. Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar.
Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for dei andre museumseiningane i regionen. Hovudbøle for verksemda er eit nytt og moderne museumsanlegg i unikt miljø, med utsikt til Eidsborg stavkyrkje og tunet på Uppistog Vindlaus.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2290308
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
627f7ac8-2547-4d5a-b04f-d15f361ee35b