Økonomileiar
Vanylven kommune
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå
Om jobben
Stillingstittel
Økonomileiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. juni
Vanylven kommune har ledig stilling som økonomileiar.
Er du ein dyktig økonom med eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet? Vår kommune med vel 3000 innbyggjarar søkjer ein positiv og kompetent økonomileiar som kan bidra til å styrke vår økonomiske styring og utvikling.
Økonomileiar skal vere støtte og rådgjevar for kommunen sitt tenesteapparat og ein aktiv pådrivar for heilheitstenking og utvikling av kommunen. Organisasjonen er i kontinuerlig utvikling, og har fokus på fleksibilitet og tverrfaglig samarbeid.
Som økonomileiar vil du få ei sentral rolle og du vil delta i arbeidet med organisasjonsutvikling, planarbeid, økonomirådgjeving og opplæring. Det er difor viktig at du er framtidsretta og har god formidlingsevne.
Du vil også verte ein del av kommunedirektøren si leiargruppe samt fagleiar for teamet økonomi og lønn. Vi nyttar ERP-systemet Visma Enterprise og Framsikt nyttast for budsjettering.
Vanylven kommune tilbyr også nedbetaling av studielån med 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år, etter nærare retningslinjer.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for kommunen sin overordna økonomistyring og finansforvaltning
- Ansvarleg for økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap, årsmelding og økonomirapportering
- Bistå kommunedirektøren og tenesteytande einingar innan økonomiområdet
- Bistå organisasjonen med innkjøp og anskaffingar
- Systemansvarlig for kommunen sitt økonomi-/ERP-system
- Leie og utvikle dei funksjonane som ligg til stillinga sitt ansvarsområde
- Økonomisk rapportering
- Tertialrapportering
- Årsrekneskap og årsmelding
- Kostra (SSB)
- Moms/momskompensasjon - Andre oppgåve kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan økonomi
- Erfaring med rekneskapsføring, økonomistyring og budsjettarbeid frå kommunal sektor
- Dokomentert erfaring for rekneskaps- og lønnsarbeid i Visma Enterprise.
- Dokumentert erfaring frå budsjettarbeid i Framsikt.
- God munnleg og skriftlig framstillingsevne
- Gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Analytisk og strukturert
- Utviklings- og løysingsorientert
- Evne til å jobbe sjølvstendig og tverrfagleg
- Positiv og godt humør
Vi tilbyr
- Eit positivt arbeidsmiljø med faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Nedbetaling av studielån
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver og et godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- Konkurransedyktig vilkår
Kontaktinformasjon
Eli Tefre Nordal, ass. kommunedirektør, 41424805, eli.tefre.nordal@vanylven.kommune.noAndreas Nørve, Kommunedirektør, +47 92847803, andreas.norve@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskåbygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4980862382
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig