Vil du vere med og sikre landet mot flaum og skred - som prosjektleiar for tilsyn av sikringsanlegg?
Sikring, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Abels gt. 9, 7030 Trondheim, Anton Jenssens gate 7, 3125 Tønsberg, Kongensgate 52, 8514 Narvik, Middelthuns gate 29, 0368 Oslo, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde, Vangsvegen 73, 2317 Hamar, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleder - Tilsyn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Seksjon for sikring treng deg som har erfaring som prosjektleiar. I første omgang vil du få ansvaret for å vidareføre arbeidet vårt med å leggje til rette for tilsyn av sikringstiltak. Dette er eit prosjekt med fleire arbeidspakkar – frå utvikling av forskrifter og metodar for klassifisering av tilstand, til digitalisering av tilsynsarbeidet.
Prosjektet heng tett saman med vidareutviklinga av databasen vår for sikringstiltak. I eit klima i endring er det viktig at eksisterande sikringstiltak held oppe funksjonaliteten og tryggleik i heile si levetid.
NVE sine støtteordningar bidreg til gjennomføring av sikringstiltak mot flaum og skred. Sikringstiltak med statleg støtte frå NVE er underlagt tilsyn av kommunane, og det er NVE si oppgåve å sjå til at tilsyn vert utført. Dette arbeidet skal vi effektivisere for alle partane.
I stillinga vert du prosjektleiar for tilsynsprosjektet, og avhengig av kompetanse vil du også vere ein ressurs inn i utvikling av databasen for sikringstiltak.
Du vil få høve til å påverke din eigen arbeidskvardag, og du vil få eit godt nettverk å spele på. Vi lovar deg ein arbeidsplass der du vil oppleve samhald og trivsel, og der du får ein arbeidsdag med arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling, og som er viktige for samfunnet.
Kontorstad vil vere ved vårt hovudkontor i Oslo, eller ved eitt av våre regionkontor i Førde, Tønsberg, Hamar, Trondheim eller Narvik.
NVE forvaltar dei statlege midlane til sikringstiltak mot flaum, erosjon og skred, og til miljøtiltak i vassdrag. Denne stillinga sorterer under seksjon for sikring. Sikringstiltak utgjer ein stor og viktig del av det forebyggande arbeidet mot flaum- og skredhendingar. Seksjon for sikring har eit overordna ansvar for å samordne NVE sin innsats i det forebyggande arbeidet. Vi lever i eit klima i endring og vi må førebu oss på auka innsats framover. Vi treng difor å styrke oss i arbeidet med digitale løysingar for gode prosessar og lagring av sikringstiltak.
Arbeidsoppgaver
- vere prosjektleiar for overordna prosjekt knytt til sikringsverksemda, i første rekke for tilsynsprosjektet
- bidra til digital vidareutvikling av prosessane for sikring mot flaum og skred, m.a. vere sentral i arbeidet med vidareutvikling av databasen for sikringstiltak i tråd med kvalitetssystemet vårt. Dette inneber tett samarbeid med IKT-avdelinga vår og eksterne konsulentar
- delta i, og gi råd til forretnings- og utviklingstema innafor fagfelta våre
- forme din eigen arbeidskvardag innanfor faget – du får bidra til overordna styring innan sikring mot flaum og skred i et klima i endring
I tillegg forventar vi at du kan
Kvalifikasjoner
Krav:
- relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan administrasjon og leiing, prosjektleiing, IT og digitalisering, samfunnsfag eller ingeniørfag
- relevant arbeidserfaring, gjerne fra offentleg forvaltning eller som konsulent
- gjerne frå offentleg forvaltning eller som konsulent
- erfaring frå arkitekturarbeid med modellering på ulike nivå
- god skriftleg og munnleg norsk og engelsk
- førarkort klasse B
- tryggingsmessig skikka
Ønskjeleg:
- prosjektleiarerfaring, erfaring med å jobbe i team med smidig metodikk
- god prosess- og metodeforståing, gjerne erfaring med utvikling av metodikk, rettleiing og rutinar
- erfaring frå IT-arkitekturarbeid med modellering i ulike nivå
- erfaring frå offentleg forvalntning
- fysikk til å ferdast i ulendt terreng ved behov
Personlige egenskaper
- du er strukturert og engasjert og bør kunne formulere og illustrere komplekse løysingar på ein forståeleg måte
- du har evne til gjennomføring og trivst i ei pådrivarrolle, men er samstundes tolmodig og langsiktig målbevisst
- du har gode samarbeidsevne og finn gode løysingar gjennom dialog
- du er god til å sjå det store i det små, finne kjerna i komplekse problemstililngar og ser ulike ting i ein større samanheng
- du har humor og likar deg i eit miljø med mykje energi og stor takhøgde
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- stillinga gir stort rom for personleg og fagleg utvikling innan eit fagfelt med stor samfunnsaktuell interesse og betydning
- du vil få høve til å påverke utviklinga av overordna styring innanfor sikring
- seksjon for sikring samarbeider tett med NVE sine regionkontor, og du vil difor møte eit stort tverrfagleg miljø der dine kollegaer arbeider innanfor eit vidt fagleg spenn, t.d. med kvalitet, fagleg utvikling, prosjektering og utføring av sikringstiltak
- du vil få stor kontaktflate, både internt og eksternt
- livsfaseorientert personalpolitikk
- gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
- mulegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
Stillinga vert lønna innan spennet kr 600 000 – 800 000, som rådgiver/seniorrådgiver/overingeniør/senioringeniør (1434/1364/1087/1181). For særs godt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi ber om at vinemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden. Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.Ved behov kan det verte gjennomført ein referansesjekk av kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll får å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.
Kontaktinformasjon
Siss-May Edvardsen, Seksjonssjef, 95290114Camilla Asperheim Nestegard, Seniorrådgiver, 97177577
Michael Madsen, Seniorrådgiver, 93836616
Arbeidssted
Middelthuns gate 290368 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)Referansenr.: 4979639409
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Michael Madsen
Seniorrådgiver
93836616
Camilla Asperheim Nestegard
Seniorrådgiver
97177577
Siss-May Edvardsen
Seksjonssjef
95290114
Om bedriften
Vi forvalter Norges vann- og energiressurser til samfunnets beste. Det er vårt ansvar å sørge for at strømmen blir levert, holde tilsyn med kraftbransjen, utvikle regelverk og behandle søknader om konsesjon til fornybar energiproduksjon.
Vi overvåker og varsler om naturfare for å hjelpe samfunnet med å håndtere flom og skredrisiko. Vi er den nasjonale faginstitusjonen for hydrologi og driver med forskning.
NVE har mål om å være en klimabevisst og bærekraftig virksomhet og vi jobber aktivt med å redusere vårt eget klimafotavtrykk.
NVEs samfunnsoppdrag omfatter kritisk infrastruktur og er underlagt sikkerhetsloven. Forebyggende sikkerhetsarbeid vektlegges, herunder de ansattes sikkerhetsmessige skikkethet.
NVE har over 700 ansatte, med hovedkontoret i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. Vi er et direktorat underlagt Energidepartementet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
62367767-9613-4627-912f-371c90cbe02c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
070916fb5cc94bc18f17cb1d26b16829