Assisterande rektor ved Hyllestad skule og sfo
Hyllestad kommune Oppvekstsektoren
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Hyllestad skule og sfo er ein 1-10 skule, den einaste skulen i Hyllestad kommune. Skulen ligg fint til i Hyllestad sentrum, idrettshallen er i nabobygget og idrettsbana rett ved sida. Det er kort veg til fine turområder, Kvernsteinsparken og fjorden. Skulen har ca 125 elevar og ca 21 årsverk. Elevane våre kjem frå ulike land i tillegg til Noreg, vi har mellom anna elevar både frå Ukraina, Polen og Syria. Skulen står no framom ei renovering og det er planlagt nytt tilbygg og uteområde.Vi søkjer no etter assisterande rektor i 100 % fast stilling, og det er tenkt ein kombinasjon med 60/50 % administrasjon og 40/50 % undervisning. Aktuelle undervisningsfag er tysk, matematikk (60 stp), engelsk (60 stp), norsk (60 stp), kroppsøving, naturfag, norsk for framandspråklege eller kristendom, religion, livssyn og etikk.Hyllestad skule og sfo sin visjon: Gjere for å lære, saman i trivsel og tryggleik.Vi ønskjer oss ein ass.rektor som er god på relasjonskompetanse og har eit ønskje om å vere med å vidareutvikle skulen. Vi er oppteken av å jobbe med at skulen skal ha eit trygt og godt skulemiljø for alle. Vi arbeider styrkebasert og leitar difor etter styrkane til kvar enkelt elev og vaksen. Som ein del av leiarteamet i skulen vil du bidra til å legge til rette for eit læringsmiljø der elevane er aktive, viser engasjement og opplever meistring.
Link til søknadsskjema: Søk her
Innhald i stillinga
Som assisterande rektor ved Hyllestad skule er du nestleiar ved skulen og rektor sin stedfortredar. Hovudoppgåver vil vere knytt til den daglege drifta av skulen, herunder undervisning, sfo og vaksenopplæring. Du må vere tett på elevane si læring, ivareta personalet og involvere deg i skulen si utvikling.
- Planlegging og drift av skulen og sfo, samt vaksenopplæringa
- Saman med rektor være ein pådrivar i skulen sitt utviklingsareid og profesjonsutvikling
- Engasjere dyktige og gode lærarar, og legge til rette for fagleg utvikling, rettleie tilsette i det daglege arbeidet
- Vere med å sikre god undervisning og trivsel for elevane våre
- Samarbeide med foresatte, PPT og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skulemiljø
- IKT-ansvar vert vurdert lagt til stillinga
- Klasseromsundervisning
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning for å kunne undervise i grunnskulen
- Helst minimum tre års erfaring frå skuleverket
- Ønskjeleg med relevant erfaring frå liknande stilling/skuleleiarerfaring
- Det er ønskjeleg at rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning vert gjennomført om du ikkje har det frå før
- Du har gode digitale ferdigheiter og er ein pådrivar i å bruke/utvikle digitale verktøy i læring
- Du har god skriftleg og munleg kommunikasjon
- Du er oppteken av ein leiarstil som er prega av tryggleik og tydelegheit i dialogen med elevar, foreldre og kollegaer
- Du er oppteken av å sjå kvar enkelt, byggje bruer mellom nasjonalitetar og har ei kultursensitiv tilnærming i møte med mennesker
Personlege eigenskapar
- Du er ein leiar som er god på å bygge relasjonar
- Du er fleksibel, har godt humør og trivast godt med varierte oppgåver og til tider litt hektisk kvardag
- Du kan jobbe strukturert og systematisk
- Fordel med førarkort for personbil
- I tråd med lov- og regelverk må vi ha politiattest av nyare dato og eigenerklæring knytt til tuberkulose/MRSA på plass før tiltreding
Vi kan tilby
- Ein meiningsfull arbeidskvardag, der elevane si læring og helse er i fokus
- Eit samfunnsnyttig, viktig og ansvarsfullt arbeid
- Samarbeid med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Hjelp til å finne hus/leiligheit i kommunen dersom du er tilflyttar
- Hjelp til å finne arbeid til eventuell partner
- Gratis tilgang til treningsrom/spinningrom i idrettshallen
- Bustadtilskot til førstegangsetablerarar i kommunen, etter visse reglar
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.300 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.
Hyllestad kommune er kjend for sin omfattande produksjon av kverstein, ein produksjon som truleg har foregått i meir enn tusen år. Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen.
I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg? Sjekk ut hyllestad.info
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2289654
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3133517_141667_nn