Fagarbeidar/assistent
Sogndal kommune Nybø barnehage
6863 Leikanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune.
Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert barne- og ungdomsarbeidar / assistent, som er relasjonssterk og inkluderande til ein velfungerande barnehage.
Nybø barnehage har dette barnehageåret 49 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø
Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar.
Barnehagen har 15 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar
Arbeidsoppgåver:
- Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
- Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- Personalressurs og drift i barnehagen
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar:
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Ufaglærte med relevant praksis kan og søke
- Gjerne arbeidserfaring frå barnehage
- Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Menn vert oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar:
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
- Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa med føresette og kollegaer
- Likar å arbeida i lag med andre
- Taklar høgt tempo i kvardagen
- Fyrstehjelpskompetanse
- Godt humør
- Leiken og aktiv
- Taklar høgt tempo i kvardagen
Me tilbyr
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
- Engasjerte og støttande kollegaer
- Leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som barnehagelærar og vidareutviklar av Nybø barnehage.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2913654
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3490043_211083_nn