Sommarjobb ved Ulven leir
Forsvarsbygg
Lyseklostervegen 10, 5200 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb ved Ulven leir
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 29. april
Forsvarsbygg ved Ulven leir søkjer 2 sommarvikarar til førefallande vedlikehaldsarbeid i sommarferien frå uke 26-28.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3 veker innanfor den oppgitte perioden (veke 26-28). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Søkar må vere over 16 år, eller fylle 16 år i løpet av 2025
- God orden og oppførsel
- Du må kunne autoriserast før oppstart
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeid (kode 1138/1115), frå kr. 282 700,- - 404 900,- i brutto årleg lønn.Kontaktinformasjon
Dagfinn Enæs, Områdeleiar, 474 55 758Arbeidsstad
Lyseklostervegen 105200 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: ForsvarsbyggReferansenr.: 4949346109
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 29.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Dagfinn Enæs
Områdeleiar
474 55 758
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2910920
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7cb6a1bb389f4cc39622a0f86be617e0