Hopp til innhold

Køyretøykontrollør ved Bergen Trafikkstasjon

Arbeidsgiver

Statens vegvesen

Sted

Heiane 4, 5131 Nyborg

Om jobben

Stillingstittel
Kjøretøykontrollør ved Bergen Trafikkstasjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Om stillinga

Ved Bergen trafikkstasjon har vi ein ledig stilling som køyretøykontrollør. Dette er ein stilling for deg som er bilinteressert og liker ein variert arbeidskvardag. Arbeidsoppgåvene er ein kombinasjon av teknisk kontroll av køyretøy, saksbehandling og kundekontakt. Du vil forvalte lover og forskrifter i direkte dialog med kunden. Gjennom stillinga vil du være med å bidra til økt trafikktryggleik kvar dag.  

Her kan du lese meir om korleis det er å jobbe hos Trafikant og køyretøy: Gjør en viktig jobb for trafikksikkerheten | Statens vegvesen

Du kan også lese meir om korleis det er å jobbe som køyretøykontrollør hos oss: Fin balanse mellom kontroll av kjøretøy og kontorarbeid | Statens vegvesen


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde for stillinga.

  • Teknisk kontroll av lette køyretøy i hall
  • Saksbehandling av søknader om ombygging innan køyretøyområdet
  • Verifisere dokumentasjon for godkjenning
  • Rettleie kundar på telefon og e-post om køyretøy og regelverk
  • Kontroll av lette køyretøy langs veg

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss. 

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
  • Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.


Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • Fagbrev som mekanikar innan lette eller tunge køyretøy. Alternativ utdanning kan være fagbrev som mekanikar innan bilskade, motorsykkel, anleggsmaskin, landbruksmaskin, teknisk fagskole, maskiningeniør eller annan tilsvarande ingeniørutdanning innan relevante fagområde
  • God og allsidig praksis frå ei eller fleire arbeidsoppgåver som er tillagt stillinga og relevant erfaring frå seinare tid
  • Førarkort klasse B og fyller krava for å oppnå dei resterande førarkostklassane
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt
  • God kompetanse i bruk av digitale arbeidsverktøy
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
  • Evne til å setje deg inn i teknisk fagstoff og regelverk
  • Erfaring med kontorarbeid, dokumentasjon og skriftleg framstilling

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning - jobb i Norge | HK-dir

Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt. Den som vert tilsett må gjennomføre etatens modulbaserte opplæring. Opplæringa består av ein kombinasjon mellom e-læring og fysiske samlingar. 

Personlege eigenskapar:

I tillegg til faglege kvalifikasjonar, ser vi etter ein kollega som har desse personlege eigenskapane:

  • Kommuniserer og samarbeider godt med ulike mennesketypar og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er løysningsorientert og positiv
  • Liker kundebehandling
  • Er sjølvstendig, ryddig og strukturert  
  • Forstår ansvaret som ligg i myndigheitsrolla og har ein trygg og roleg framtoning 

Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt. Den som vert tilsett må gjennomføre etatens modulbaserte opplæring. Opplæringa består av ein kombinasjon mellom e-læring og fysiske samlingar. 

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, er påliteleg og lojal.


Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.

Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling. 

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.


Kontaktperson for stillingen

Dag Folkestad

Seksjonssjef

+4795923398

Om bedriften

Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.

Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.

Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
 

Divisjon Trafikant og køyretøy (TK) har ansvar for det meste av det som har med førarkort og køyretøy å gjera i dette landet. Me utviklar regelverket innan våre fagfelt og kontrollerer at dette blir følgt av trafikantar, bileigarar, verkstader, trafikkskular og transportbedrifter. Me har rundt 1400 tilsette over heile landet og møter publikum kvar dag, både fysisk, i telefonen og digitalt. Dei digitale sjølvbeteningsløysingane våre gjer at me er tilgjengeleg heile tida.

Me jobbar kvar dag for at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

61ef5073-3ff3-413c-ad5a-8ca0e1499e08

Sist endret

25. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10288543

Lignende annonser

Laster lignende annonser