Årets sommerjobb! Vi treng engasjerte instruktørar til ferieklubb i Bremanger og Gloppen!
Nordfjordakademiet
Hegrevegen 1 , 6783 Stryn
Om jobben
Stillingstittel
Barne/ungdoms - student eller arbeider, lærar-student
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager
Antall stillinger
4
Vi treng dyktige instruktørar til ferieklubben "Jakta på Superkreftene"! I løpet av to veker i kvar av kommunane Bremanger og Gloppen vil vi vise born i alderen 2. - 4. klasse og ungdom i alderen 8. - 10. klasse ulike yrker gjennom leik.
DU likar å jobbe med born, er nysgjerrig på læring gjennom leik, har gjerne erfaring frå eller studerar innan born- og ungdomsarbeid eller læraryrket og ønskjer ein aktiv sommar!
Vi kan tilby jobb til opptil4 - 8 instruktørar i vekene 26, 27, 31 og 32. Det kan fort komme 2 veker i Stryn og 2 veker i Stad kommune seinare, då blir det felire veker. Fri i fellesferien!
Jobb i veke27 og 32 i Gloppen Kommune
Jobb i veke 26 og 32 i Bremanger Kommune
Treng: 4 instruktørar til kvar kommune
Arbeidstid: kl 0800-1600
Aldersgruppe: Tilbod for dei som skal til i 2. klasse opp til 4. klasse (7-10år)
Nordfjordakademiet ønskjer at alle born skal finne si heilt spesielle superkraft, noko dei brenn for og har interesse for, og vise dei mulegheitene for å halde på denne superkrafta heile vegen til voksen alder og inn i yrkeslivet.
Å finne si superkraft er ikkje nødvendigvis enkelt - ofte veit ein ikkje kva ein vil bli, kva ein syns er kjekt eller kva ein er flink til. Det er difor viktig at ein gjennom ulike erfaringar og læring gjennom leik får introduksjon til så mange ulike tema og yrker som muleg.
Denne veka skal borna finne sine superkrafter gjennom ulike aktivitetar som:
- Snekring
- Lage energi
- Lage mat
- Robotar
- Lage smell, bobler og slim
Vi treng også 2 instruktørar til eit tilbod på kveldstid. Dette kan vere deg som også arbeider på dagtid eller det kan vere du gjerne vil jobbe kun for dette tilbodet.
Arbeidstid: kl 1800-2200, tirsdag til torsdag i vekene det er dagtilbod (sjå over).
Alderstrinn: 8. - 10. klasse
Vi ønskjer også sommarskule for dei litt eldre borna! Vi tenkjer her dei som er litt for store til å delta på aktivitetscamp, men som ein her har ein gyllen sjanse til å skape interesse for læring i ein sosial arena. Vi skal blant anna:
- Introduksjon til koding med Edison Robotar
- Design i TinkerCad
- 3D printing av sjølvlaga design
Alle instruktørar vil få opplæring i aktivitetar og innkjøpt utstyr.
Du vil jobbe for Nordfjordakademiet og vi tilbyr betalt opplæring til alle intruktørar som får jobben:)
#sommarjobb #sommarjobbnordfjord
Om bedriften
Om du ønskjer å jobbe, leve og bu i Nordfjord, er det oss du skal kontakte 😍 Vi jobbar tett med både det private og offentlege næringslivet i Nordfjord. Vi ønskjer å vise alle unge som veks opp i Nordfjord dei flotte mulegheitene regionen har å tilby!
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2236969
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
61e4c8f2-8f51-49e6-9f46-24fdaeee2526