Miljøarbeidar
Osterøy kommune
Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Om stillinga
Ved Valestrand skule skal vi saman leggje til rette for læring og utvikling for alle elevar, og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på seg sjølv. Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy.
Vi søkjer no etter ein varm, engasjert og inkluderande miljøarbeidar i 100% fast stilling som skal jobbe både i skule og i SFO. Kanskje er det deg vi kan ønskje velkommen til den gode skulen vår?
Oppstart i stillinga er 01.08.2025.
Arbeidsoppgåver
Som miljøarbeidar ved skulen vår vil du ha varierte arbeidsdagar med variert innhald. Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga er mellom anna:
- Arbeide for eit trygt og godt skulemiljø
- Bidra til å styrke laget rundt elevar
- Du har medansvar for at opplæringslova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på skule og i SFO
- Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper i skule og SFO
- Bidra til utviklande og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP
- Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo! Om du kjem med bil er det gode parkeringsmoglegheiter
- Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega!
Kvalifikasjonskrav
- Du har fortrinnsvis fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Anna utdanning med fagbrev innan helse- og oppvekstfag kan og vurderast
- Har du ikkje fått fagbrevet heilt endå men ønskjer å ta det snarleg, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg
- Vidareutdanning i "kvalitetsarbeid i SFO" er eit ønskje
- Personlege eigenskapar vil bli tillagd vekt i prosessen
Kven er du?
- Som miljøarbeidar ved Valestrand skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein raus og trygg vaksen
- Du står stødig når barn treng innramming
Du er nysgjerrig og har mot og vilje til å vere i utvikling
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig, finn løysingar, og likar å jobbe i team
- Du tar initiativ til å sjå ting frå nye innfallsvinklar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du er strukturert og nøyaktig
- Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.
Hjå oss ved Valestrand er verdiane våre; engasjert, inkluderande og kreativ , og vi arbeider for å gjere kvarandre gode i dag, og i framtida.
Skulen har eit aktivt elevråd som arbeider for at alle elevane på skulen skal få ein best mogleg skulekvardag.
Valestrand har temadagar jamnt gjennom året og verdset aldersblanda aktivitetar.
Valestrand skule er ein av dei største skulane på Osterøy og ligg vakkert til og nær naturen, med blant anna Brakvatnet i nærleiken og kultur tett på med Bullahuset likeved skulen.
Sektor
Offentlig
Nettsted