Lønnskonsulent
Helse Vest RHF
Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger
Om jobben
Stillingstittel
Lønnskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Helse Vest er ein innovativ og nytenkande organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag. Nå er vi på jakt etter ein talentfull og positiv medarbeidar som ønsker å bli med på laget. Helse Vest RHF ligg i front innanfor teknologiske løysingar knytt til verksemdstyring og rapportering. Vi nyttar moderne verktøy som SAP S4 HANA, Power BI og har aktive fagmiljø innanfor analyse og styringsinformasjon.
Vi ønsker oss ein kollega som set seg lett inn i ulike oppgåver og som liker å arbeide både tett på andre og sjølvstendig. Du får jobbe med sentrale oppgåver for konsernleiinga og ut mot helseføretaka, og du må rekne med noko reising i samband med jobben.
Økonomi- og finansavdelinga er ei stor avdeling, med medarbeidarar med ulik bakgrunn i ulik alder. Vi er organisert i fem grupper - økonomi, finans, inntekt, rekneskap og ei gruppe som er ansvarleg for system, innkjøp og logistikk. Det er viktig at du ønsker å bidra til eit positivt miljø og liker at det er mange varierte oppgåver. Under rekneskap ligg også eit Lønns- og rekneskapssenter som leverer lønns- og rekneskapstenester til Helse Vest RHF, Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest HF. Vi søkjer ein ny medarbeidar til lønns- og rekneskapssenteret (LRS).
Arbeidsoppgåver
- Lønnsarbeid
- Refusjons- og fråværhandtering
- Reiseoppgjer
- Avstemming
- Utarbeide ulike statistikkar
Kvalifikasjonar
- Minimum tre års relevant utdanning utover vidaregåande skule
- Erfaring med lønn- og rekneskapsarbeid
- Erfaring frå UBW og SAP vil vere ein fordel
- Gode datakunnskaper, spesielt innanfor Excel
Vi tilbyr
- fagleg utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- gode pensjons- bank- og forsikringsordningar
- godt arbeidsmiljø
- konkurransedyktige vilkår
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kristian Frafjord, Leiar Lønns- og rekneskapssenteret, 924 86 548Arbeidsstad
Nådlandskroken 114034 STAVANGER
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest RHFReferansenr.: 4635373579
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.03.2023
Om bedriften
Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. I overkant av 30 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Vi er om lag 75 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 36,5 milliardar kroner. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. Vi flytter til heilt nye og sentrale lokale i Stavanger sentrum i 2023.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2281443
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cade1362639e42559048ab548bb2a833