LIS3 radiologi
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS3 radiologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. februar
Radiologisk avdeling, seksjon Førde har ledig faste stillingar som LIS3 radiologi. Tilsetting snarast/etter avtale.
Radiologisk avdeling har tre seksjonar: Førde, Lærdal og Nordfjordeid.
Seksjonen i Førde har CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning/angio og mammografi knytt til BDS (Brystdiagnostisk senter). Vi gjennomfører om lag 70 000 undersøkingar og behandlingar årleg. Avdelinga har 70 tilsette, og av desse er om lag 20 legar.
LIS inngår i 6-delt vakt med overlege i bakvakt. Noverande arbeidsplan har avspaseringsveke kvar 6. veke.
Knytt til utdanninga er det samarbeid mellom sjukehusa i Helse Vest, slik at ein gjennom tenestetid i Helse Bergen vil oppnå alle læringsmål. Nytilsette, utan tidlegare erfaring frå radiologi, vil gå gjennom introduksjonsperiode der det er tett oppfølging frå overlegar. Her kan du sjå ein av våre flinke LIS fortelje litt om kvifor ho valde nettopp radiologi: https://yngreleger.no/artikkel/min-spesialitet-radiologi
Føretaket vil tilsetje dei best kvalifiserte søkjarane, og har eit mål om langsiktig rekruttering.
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Førde har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Førde ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte. Les meir om Sunnfjord kommune
Arbeidsoppgåver
- Diagnostikk og pasientbehandling
- Generell radiologi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, fortrinnsvis med godkjend gjennomført turnusteneste (LIS1)
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Engasjert
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Rekrutteringstillegg
- Hjelp med bustad
- Godt arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus
- IA- bedrift (inkluderande arbeidslivsbedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Børge Stavland, Avdelingssjef, (+47) 578 39 393Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4915376508
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Børge Stavland
Avdelingssjef
(+47) 578 39 393
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2850031
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ea947e61ad8049d2857f0b5fee8f8d07