Innkjøpskonsulent
Kirurgisk serviceklinikk (KSK), Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Innkjøpskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) har ledig 100% fast stilling som innkjøpskonsulent. Stillinga er organisatorisk plassert i KSK operasjonsavdeling (OPA), med avdelingssjef som leiar. Arbeidsstad er for tida inne på Sentraloperasjon, då hovudoppgåvene er lagt til innkjøp for dei operative seksjonane, dette i tett dialog med brukarklinikkane. Stillinga er ledig frå snarast eller etter nærare avtale.
Dette er ein spennande arbeidsplass i ein viktig del av sjukehuset. Anskaffingar, innkjøp og forsyning er eit satsingsområde. Vi har tatt i bruk ERP-løysinga SAP S/4 HANA og felles, regionale arbeidsprosessar. Innkjøpar vil ha ei sentral rolle i bruk av systemet. Du vil vere ein ressurs for fagsjukepleiarar med bestillingar og oppfølging av desse.
Stillinga er plassert i eit operasjonsmiljø, tett på klinisk drift. Her er det samhandling med fagsjukepleiarar, leiarar og kirurgar. Ein vil lære mykje om kirurgisk utstyr og anskaffing av dette.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging av leverandøravvik både på kvalitet og leveransar, fakturaavvik mm
- Vere del av ei gruppe innkjøparar (Innkjøpsgruppe Operasjon). Bidra til samarbeid internt i innkjøpsgruppa og på tvers av innkjøpsgruppene
- Innkjøp av varer og tenester, avanserte innkjøp
- Oppfølging av ordrebekreftingar/ manglande ordrebekreftingar/ innkjøprsrekvisisjonar
- Støtte, rettleiing og ressurs for rekvirentane
- Godkjenning, kontroll og analysar i innkjøpssystemet
- Oppfølging av leverandørar og deltaking i anbodsprosessar
- Bidra til god lagerstyring i operasjonsavdelinga
Kvalifikasjonar
- Erfaring med innkjøp, helst frå større organisasjonar/ bedriftar
- Det er ein fordel med erfaring frå helsevesenet
- Erfaring med heile verdikjeda frå anskaffing til innkjøp, forsyning og betaling
- God digital (IKT) forståing
- Erfaring frå SAP eller andre ERP-system
- Gjerne utdanning på bachelor eller masternivå innan økonomi, logistikk, innkjøp og/eller helsefag
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø
- Du arbeider strukturert og målretta
- Du trivast med å rettleie andre og få andre til å bli god
- Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Spanande arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode forsikringsordningar og eit av landets beste pensjonsordningar
- Bedriftsidrettslag
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Solveig Tveit Songstad, Avdelingssjef, 99609824Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4849769937
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.09.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2731286
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4ed3223993bc4205a7fcd943c46357a1