100% stilling som miljørettleiar ved Jondal skule
Ullensvang kommune Jondal skule
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 137 elevar, og rundt 30 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule. Skule, SFO og kulturskule er nyleg rehabilitert og delvis bygd nytt, med mange gode fasilitetar.
Me søkjer etter miljørettleiar for småsteget og SFO. Arbeidet er knytt til tett oppfølging av enkeltbarn, i samarbeid med skule og heim.
Kvalifikasjonar:
godkjent utdanning som vernepleiar, barnevernspedagog eller annan relevant høgskuleutdanning for arbeid i skule og SFO.
relevant erfaring frå skule, SFO, eventuelt barnehage.
erfaring med, og interesse for arbeid med enkeltbarn som treng tett oppfølging.
har eller kan ta livredningsprøve for basseng.
personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar:
har god relasjonskompetanse.
har god formidlingsevne .
samarbeidar godt i lærande fellesskap.
er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.
er løysingsorientert og fleksibel.
Me tilbyr:
eit godt arbeidsmiljø.
eit godt pedagogisk utviklingsmiljø.
lønn etter avtaleverk.
hjelp til å finna bustad.
varierte arbeidsoppgåver.
spennande arbeid.
lønn etter hovudtariffavtalen.
gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
politiattest
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2912386
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3489453_193969_nn