Hopp til innhold

Helgestillingar - Sjukepleiar eller Vernepleiar

Arbeidsgiver

Rus- og avhengigheitsklinikken/ Martens, Helse Bergen HF

Sted

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar - Sjukepleiar/Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 18%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. juni

Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Klinikken satsar òg på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. 

RAK Korttidspost Martens er ei korttidsavdeling med 10 sengeplassar for kvinner og menn. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester til pasientar som treng avklaring og avrusing i ein subakutt fase. Innlegging skjer på frivillig grunnlag. Tilbodet omfattar abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg oppfølging. Me tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, både i eige treningsrom og i nærområdet. Det blir lagt stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmeistring for å sikra eit heilskapleg behandlingstilbod. 

Pasientane blir møtte av ei tverrfagleg personalgruppe med brei kompetanse. Hos oss møter du mellom anna erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar og psykolog, som saman bidreg til eit heilskapleg tilbod. 

Vi tilbyr eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med høg kompetanse innan rus- og avhengigheitsfeltet. Hos oss møter du engasjerte kollegaer, godt samarbeid på tvers av faggrupper og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Vi har no ledige helgestillingar med arbeid kvar 5. helg. Aftenvakt fredagar og langvakter laurdag-søndag.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar arbeider i tverrfagleg team og følgjer pasientane tett under innlegging
  • Arbeid i helg vil naturleg vere mest fokus på å vidareføre planlagde aktivitetar og gjeremål saman med pasienten
  • Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå tillaging og utdeling av medisinar, støttesamtalar, pårørandearbeid, ulike kartleggingar og ulike aktivitetar med pasientane
  • Samarbeide med andre instansar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
  • Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
  • Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og samhandlar godt med andre
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Regelmessig internundervising
  • Årsturnus/kalenderplan
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trudi Ulevik Davanger, Seksjonsleiar, 47999686, trudi.ulevik.davanger@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5146532030
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Trudi Ulevik Davanger

Seksjonsleiar

47999686

trudi.ulevik.davanger@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

612ef21e-5dbb-4f0e-9f51-7fef83eeca72

Sist endret

17. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f79ad8fb22074e30b764255b2b02bdb9

Lignende annonser

Laster lignende annonser