Kyrkjelydspedagog i Foldnes sokn - 100 % vikariat
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Austre Skiftedalsveg 25, 5354 Straume
Om jobben
Stillingstittel
Kyrkjelydspedagog i Foldnes sokn - 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande fellesskap der ungdom kan vekse, utvikle seg og finne sin plass i kyrkja? Vil du bidra til å skape trygge og inkluderande fellesskap gjennom konfirmantarbeid, ungdomsklubb, leiartrening, tensing, tweens og smågrupper?
Gjennom undervisning, fellesskap, relasjonsbygging og oppfølging vil du vere med å utruste ungdom.
Som kyrkjelydspedagog blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje. Her får du vere med på eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper. Foldnes sokn har 8613 medlemmer, der 1660 er under 18 år. Vi jobbar etter visjonen: Di kyrkje for alle dagar.
Du vil samarbeide tett med eit dyktig sokneteam sett saman av sokneprest, diakonimedarbeidar, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og organist. I ein del av stillinga vil du leie arbeidet med å utvikle og styrke ungdomsarbeidet i eit etablert samarbeid med kyrkjelydane Fjell, Foldnes og Landro. I tillegg blir du ein del av «Seksjon for barn og unge» – eit fellesskap av 15 engasjerte medarbeidarar frå heile fellesrådet. Vi møtast jamleg for fagleg påfyll, lagbygging og inspirasjon.
Arbeidsoppgåver
- Visjons- og utviklingsarbeid
- Ansvar for konfirmantundervisning saman med sokneprest, ungdomsarbeidar og pedagog
- Leiarutvikling for ungdom
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak og arrangement
- Etablere og organisere bibelgrupper eller andre grupper/tiltak for tweens og ungdom
- Oppfølging av medarbeidarar knytt til ungdomsarbeidet (tilsette og frivillige)
- Leirar
- Gudstenestearbeid
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk og/eller teologisk/kristendomsfagleg utdanning
- Erfaring frå arbeid med ungdom i kyrkja og/eller frivillige organisasjonar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk
- Krav om medlemskap i Den norske kyrkja
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evner til god kommunikasjon og formidling i møte med unge
- Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og langsiktig
- Evne til å byggje gode relasjonar
- Tydeleg etisk bevisstheit rundt det å vere eit førebilete for ungdom
Vi tilbyr
- Utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
- Arbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer og frivillige
- Tilsetting på dei vilkår som går fram av lover og reglement
- Løn etter KA sine tariffavtalar
Anna
- Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
- Vi legg vekt på at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i sokneteamet utfyller kvarandre
- Ein må rekne med å kunne få oppgåver i andre sokn i Øygarden kyrkjelege fellesråd
- Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest utan merknad, jf. Lov om trus- og livssynssamfunn, kapittel 4, §20.
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.
Kontaktinformasjon
Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar barn og unge, 41507011Mathilde Dale Løvfall, Personalleiar, 90272703
Arbeidssted
Austre Skiftedalsveg 255354 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4989963417
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 20.07.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Mathilde Dale Løvfall
Personalleiar
90272703
Rannveig Vestbøstad Vik
Seksjonsleiar barn og unge
41507011
Om bedriften
«Nær Gud, nær menneske.»
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.
Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
612e7322-3c0b-49d1-8501-e603ad03fcbf
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cb3c2c0d7eee4e2a9c45cfb0af7eeeef