Hopp til innhold

Sjukepleiar, 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A

Sted

Åsvegen 13, 6080 Gurskøy

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar, 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining?

Vi søkjer ein sjukepleiar i 100 % fast stilling til Myrvåg omsorgssenter, seksjon A. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø og faglege utfordringar.

Stillinga er organisert i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Det kan forekome enkeltvakter på natt i ferieavvikling. 

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:

  • seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
  • seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidsoppgåver

  • pleie- og omsorgsoppgåver for bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering)
  • utarbeide og følge opp tiltaksplanar
  • fagleg hovedansvar for legemiddelhandtering
  • følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
  • samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode datakunnskapar
  • erfaring med journalsystemet Gerica er ein fordelgod
  • skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevner 
  • strukturert, sjølvstendig og god til å prioritere arbeidsoppgåver
  • løysingsorientert og fleksibel
  • opptatt av heilskapeleg pasientforløp
  • like faglege utfordingar i eit godt arbeidsmiljø
  • positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
  • fagdag i turnus

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478

Arbeidsstad

Åsvegen 13
6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5046610363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2025

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

612ab35f-4b84-4933-9e9f-6138a0790e50

Sist endret

19. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

26d9e72fdbf44ac48541ff951d941097

Lignende annonser

Laster lignende annonser