Hopp til innhold

Attvin søker Gjenvinningsoperatør

Arbeidsgiver

Attvin Produksjon AS

Sted

Alvikvegen 194, 6019 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Gjenvinningsoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Trivst du med å arbeide med folk? Ønskjer du å få ein fot innafor i ein bransje det skjer mykje spennande i?

Gjenvinningsbransjen er meir attraktiv enn nokon gang og stadig fleire får augene opp for den høge grada av innovasjon og utvikling som skjer i denne næringa. No ønskjer vi fleire gode kollegaer på laget som kan bidra til å rettleie bebuarar i Ålesundregionen til å sortere avfallet riktig, og til at kundane våre har gode opplevingar med tenesten vi leverer.

Du vil arbeide i eit uformelt og dynamisk miljø, der hovudfokuset er å yte service til Attvin sine kundar.

Arbeidsoppgåver:

Di viktigaste oppgåve er å få avfall til riktig gjenvinning.

  • Mottak, sortering og emballering av farleg avfall

  • Håndtere avfallsfraksjonar til nedstrøm

  • Bidra til god kvalitet i produksjonslinjer

  • Delta i analysearbeid/plukkanalyser

  • Halde orden på miljøstasjonar

  • Rettleie innbyggjarar og besøkande på miljøstasjonar

  • Bidra til sortering og klassifisering av farleg avfall

  • Føre maskiner på ulike miljøstasjonar

  • Føre maskiner på ulike arbeidsområder på anlegget

  • Laste og losse vogntog med varer

  • Bidra til trygg og effektiv produksjon

  • Strategisk HMS i arbeidsoppgavene

  • Utføre ulike serviceoppgåver

Vi ønskjer at du har:
  • Førarkort i klasse B, BE

  • Førarkort M2, M4, T4

  • Gode språkkunnskapar (engelsk og norsk)

  • Fagbrev i gjenvinningsfaget, eller relevant kompetanse, kurs innan industrivern, HMS, førstehjelp eller liknande

  • Beherskar kontorprogram og IT-verktøy

Er du óg?
  • Serviceinnstilt og kommuniserer godt med kundar og kollegaer?

  • Interessert i å utvikle deg fagleg?

  • Ein god kollega som ser folka rundt deg?

  • Initiativrik og ein pådrivar?

  • Pliktoppfyllande og strukturert i arbeidet.

Då vil vi høyre frå deg.

Vi kan tilby:
  • God opplæring

  • Konkurransedyktige vilkår, deriblant gode forsikrings- og pensjonsordningar

  • Ordna arbeidsforhold og ein sikker jobb i ein framtidsretta bransje

  • Gode moglegheiter for vidareutdanning

  • Gode arbeidskollegaer og eit godt arbeidsmiljø

  • Høg grad av sjølvstende

  • Rom for personleg utvikling og påverknad i eigen arbeidskvardag

Oppmøtestad er i hovudsak Ålesund, Bingsa. Spørsmål kan rettast til Richard Flåte på tlf. 94 83 75 32 eller e-post Richard@attvin.no

Om bedriften

Om arbeidsgiveren

Attvin er eigd av Ålesund, Sula, Stranda, Fjord, Sykkylven, Giske, Haram og Vestnes kommune. Gjennom to dotterselskap leverer Attvin tenester knytt til lovpålagt hushaldsrenovasjon på vegne av eigarkommunene, og tenester knytt til næringsrenovasjon.

Attvin handterer avfallsinnsamling for over 100 000 innbyggarar i regionen, og har ansvaret for behandlinga av avfallet etter at det har blitt samla inn. I tillegg til innsamling av avfall driver Attvin 9 miljøstasjonar.

Den juridiske delen av Attvin som leverer den lovpålagte tenesta blir driven etter sjølvkostprinsippet, og får kun dekt sine faktiske kostnadar gjennom renovasjonsgebyret som alle huseigarar betaler. Vi tilstreber å levere best mogleg teneste for innbyggarane, til lågast mogleg pris.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

61090259-0975-406d-89ff-8b13badfafde

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

449341418

Lignende annonser