Bioingeniør II
Mikrobiologi Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør II
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. juni
Ved eventuell intern tilsetjing kan andre vikariat ved seksjonen bli ledige.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som opna i april 2025. Avdeling for medisinsk mikrobiologi er organisert i to seksjonar – Ålesund og Hjelset – med til saman 51,5 stillingar, der 33 av desse er knytt til seksjonen på Hjelset.
Avdelinga har eit breitt analyserepertoar fordelt på fagområda infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi med mykologi. Trass i at vi er ei mellomstor avdeling, tilbyr vi analyser og tenester utover standard repertoar. Vi er kjende for høg fagleg kompetanse og god service.
Vi yter tenester til alle dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal og til primærhelsetenesta i fylket. Avdelinga har stort fokus på kvalitet, utvikling og forbetring. Vi er ein mangfaldig arbeidsplass med tilsette i ulike aldrar og med ulik bakgrunn – det bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Det meste av laboratorieutstyret vårt er heilt nytt. Mange av analysane innan infeksjonsimmunologi blir utførte i ein ny, moderne automasjonshall i tett samarbeid med medisinsk biokjemi.
For meir informasjon, sjå nettsida vår her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal.
Arbeidsoppgåver
- Bistå og vere stedfortredar for fagbioingeniør ved fagområde infeksjonsimmunologi
- Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver
- Delta i vaktturnus
- Bidra til opplæring og rettleiing av medarbeidarar, studentar og andre som skal utføre arbeid i laboratoriet
- Bidra til å nå avdelinga sine overordna mål, med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
- Halde deg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Erfaring frå mikrobiologi er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, nøyaktig og arbeider effektivt
- Du er sjølvstendig og tek ansvar, men er ikkje redd for å be om hjelp
- Du er fleksibel, endringsvillig og har god gjennomføringsevne
- Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Du samarbeider godt med andre og trivst med ein variert og travel arbeidskvardag
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Eit sterkt fagmiljø som ønskjer at du skal lykkast
- Eit uformelt arbeidsmiljø med mykje humor og trivsel
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver i ei avdeling og eit føretak i utvikling
- Ein meiningsfull arbeidskvardag med eit viktig samfunnsoppdrag
- Løn etter gjeldande tariffavtalar
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Cecilie Eikrem Myklebust, Seksjonsleiar, Cecilie.Eikrem.Myklebust@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4974468373
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted