Vernepleiar/ sjukepleiar
Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar/ sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 92%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. november
Ynskjer du ein meiningsfull og gjevande jobb tett på menneskjer som treng ekstra støtte i kvardagen? Vi gjer livet betre for dei som ikkje har den same føresetnaden som andre.
Vi har ledig ei 92 prosent, fast stilling som vernepleiar/ sjukepleiar i vår bu- og habiliteringsteneste. Eininga har ansvar for gje tenester til menneske med utviklingshemming og funksjonsnedsetting. Arbeidsoppgåvene er retta mot vaksne brukarar og born på avlastning.
Arbeidsoppgåver
- medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
- pleie- og omsorgsoppgåver
- tett tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
- sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
- rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- bruk av velferdsteknologi
- delta i kvalitetsutvikling av tenesta
- sitje i primærgruppe
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar
- arbeidserfaring frå brukarar som høyrer til bu og habiliteringstenesta
- god digital kompetanse
- godt norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)
Personlege eigenskapar
- du kommuniserar og samarbeidar godt
- du er inkluderande, handlekraftig, pålitelig og initativrik og god til å stå løpet ut
- du har lyst til å lukkast med å skape gode relasjonar til brukarane, pårørande og kollega
- du er fleksibel og løysningsorientert
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
- spanande og faglege utfordringar
- fagdag i arbeidsplan
- kurs gjennom NHI og Visma-veilederen
- god forsikringsordning i KLP, med frivillig ulykkesforsikring på fritid
- løn etter gjeldande avtalar
Du må søkje på stillinga digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Cesilie Sundgot, Einingsleiar, +47 45449231Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5032355724
Stillingsprosent: 92%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Cesilie Sundgot
Einingsleiar
+47 45449231
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
60cb9164-7fe7-4a39-8e74-9d409d5728aa
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf322ddcb8f24d728d3dda3f9837df96
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Hareid kommune, Skjerma eining
Sted
Hareid
Korttidsseksjonen ,Volda Omsorgssenter har 95 % fast st for sjukepleiar
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Hareid kommune, Eining for heimetenester
Sted
Hareid