Faglærar - Sogn Jord- og Hagebruksskule
SJH - SOGN JHS, Vestland fylkeskommune
Skulevegen 24, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faglærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. juni
Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).
Arbeidsoppgåver
For skuleåret 2025/2026 har skulen ledige faglærarstillingar - 1 års vikariat:
20 % stilling faglærar Gardsdrift Vg3, Forvaltning og drift Vg2, med hovudvekt på driftsplanlegging og landbrukspolitikk.
30 % stilling faglærar Husdyrfag i Vg2 og Vg3.
Ansvars- og arbeidsområde
- ansvar for undervising for gjeldande fagområde
- aktiv deltaking i tverrfaglege team
- aktiv i utviklingsarbeid innan fagområde
Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk og fagleg utdanning innan fagområdet
- relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
- kunnskap og engasjement for økologisk landbruk
Personlege eigenskapar
- interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling- gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
- strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
- god kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje
- interesse for å dele kunnskap med kollegaer
- utviklingsorientert innafor eige fagområde
Vi tilbyr
- triveleg arbeidsmiljø
- fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår
Kontaktinformasjon
Børre Solberg, rektor , 41219505Arbeidsstad
Skulevegen 245745 Aurland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4945298042
Stillingsprosent: 50%
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 22.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Børre Solberg
rektor
41219505
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
60cb4ee3-1f21-4587-acb2-c2f0f866fd16
- Hentet fra
talentech
- Referanse
47d6e7dc62df41288407217b53f9e91a