Hopp til innhold

Aukra kommune utlyser ferievikariat sommar 2026

Arbeidsgiver

Aukra kommune Heimetenester

Sted

Omsorgssenteret, 6480 Aukra

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar i pleie og omsorg
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
30
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Aukra kommune, pleie og omsorg søkjer ferievikarar til ferieavvikling i perioden medio juni til medio august 2026.  Det er behov for ferievikarar  i desse tenestene;

- Institusjon

- Heimesjukepleie

- Buteneste

- Reinhald

- Dagsenter

- Kjøkken

- Vaskeri

 

Det må presiserast i søknaden din kvar du helst vil arbeide. Er du allereie tilsett  eller har vore vikar tidlegare i Aukra kommune kan du sende søknad på epost  direkte til avdelingsleiar på eininga du ønskjer ferievikariat innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at du har sertifikat kl B når du søkjer på stilling i heimesjukepleie og på reinhald. 

På institusjon og i buteneste er det turnusarbeid på dag, kveld og helg. På kjøkken er det dag- og helgearbeid. På vaskeriet arbeidar du dag.

I heimesjukepleie arbeider du i turnus på dag, kveld og helg. I stilling som vikar på reinhald er det dagarbeid. Dagsenteret har vakt på dag,kveld og laurdagar.

Aktuelle søkarar vert kontakta fortløpande. Det er ein fordel at du kan arbeide minimum 5 veker. Det er òg høve til å søkje som tilkallingsvikar. Er du interessert i stilling som tilkallingsvikar kan du ta kontakt snarast.

Krav til søkjar

Personelg eigna

Sertifikat kl B heimesjukepleie og reinhald 

Vi tilbyr

Tenestebilar

Kantine med variert meny

Arbeidsklede

Tilpassa opplæring og tett oppfølging

Varierte og innhaldsrike arbeidsdagar

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff

Sjukepleiar-/vernepleiarstudentar har høgare ansiennitetberekning etter fullførte studieår

Særskilte krav

Krav om politiattest

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad".

 https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Nina Kristin Tomren

Ei8ningsleiar

+47 90602621

nina.tomren@aukra.kommune.no

Om bedriften

Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018. Tenester er samlokaliserte i omsorgssenteret med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt, som vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Kjøkkenet i omsorgssenteret leverer heimlaga middagar til bebuarar ved sjukeheim og til heimebuande. Eining Helse ligg i nærleiken av Aukra Omsorgssenter og det er etablert eit tett samarbeid mellom fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, avdeling for i psykisk helse, institusjonstenester og heimetenester. Eininga organiserer heimesjukepleie, praktisk bistand, teneste for psykisk helse og rus, dagsenter for eldre og yngre samt demenskoordinator, kreft- og palliasjonskoordinator og hjelpemiddelansvarleg. Basen til heimesjukepleia ligg i Aukra Omsorgssenter, som sto ferdig bygd i 2018. I omsorgssenteret har heimesjukepleia ansvar for 20 bustadar med heildøgns omsorg.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

60b81d2e-c264-4948-a4b9-7977ac62352e

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3584989_192905_nn

Lignende annonser

Ferievikariat 2026 - Heimetenestene

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Heimetenestene

Sted

Vestnes

Ferievikariat 2025 - Hellandtunet

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Hellandtunet

Sted

Vestnes